Sandbu skule

Aud Sandbu

(Artikkelen er publisert i "Gåmålt og nytt frå Sel" bind III
utgitt av Sel Historielag 2005)

Framsida

Levva livet

1. Skolebygningen.JPG (42432 bytes)

Skulebygningen like etter at han var ferdig i 1925.
Til venstre ser ein skåla. Fjoset var enda ikkje kome opp.
Foto utlånt av Hans Petter Kleiven.

 

Dei som har levd ei tid, hugsar at grensa mellom kommunane Sel og Nord-Fron delte Bræebygda i to før 1965, og at Sandbu-gardane før den tid låg i Nord-Fron. Ein lyt difor til nordre Kvam i Nord-Fron for å finne starten på soga om Sandbuskulen.

Eg vil gå attende til den 2. februar 1902. På krinsmøtet i Sandbu skulekrins den dagen vart det med ein stemme imot, vedteke å leggja fram "paastand om snarest muligt at faa bevilget midler af herredskassen til opførelse af eget skolehus for kredsen i henhold til den beslutning som blev vedtaget i kredsmøte den 4. februar 1894, da man ikke er tilfreds med den nuværende ordning med leiet lokale".

Det var Anders H. Sandbu som stemte imot dette, og som grunngjeving sa han at "da jeg finder det er mange nok og gode nok skolelokaler at faa leiet her i kredsen for den pris som ved og renhold til et sådant skolelokale antagelig vil komme paa, finder jeg at maatte modsætte mig foranførte krav paa bevilgning til nyt skolehus, da det kun vil medføre unødige og større skatter". A. H. Sandbu sat truleg i skulestyret på den tida, med andre ord sat han i kattpina, og var vel nærmest programforplikta til å røyste for billegaste alternativ.

Vedtaket i krinsmøte den 4. februar 1894 gjekk på at eige skulehus skulle setjast opp i Sandbu krins. Bakgrunnen for at dette nå vart teke fram att, var foreldra si misnøye med skulelokalet som den gongen var på Gammel-Sandbu. Dei hevda at lokalet var helsefarleg for ungane deira. Misnøya voks meir og meir utover våren, truleg fordi elevane var mykje sjuke. I krinsmøte den 2. april 1902 vedtok krinsstyret å "henstille til skolestyret om å si opp lokalet på Gammel-Sandbu og finne nytt lokale til skolens oppstart om høsten". Samstundes diskuterte krinsstyret eit framlegg frå Hans Gotfred Hansen Sandbu om at skulen kunne få leige lokale hjå han på Ny-Sandbu mot eit vederlag på kr. 4,50 i veka for leige, oppvarming og reinhald. Flytting av skulen frå Gammel-Sandbu til Ny-Sandbu vart einstemmig vedteke, men noko tidspunkt vart ikkje bestemt, for undervisningsrommet på Ny-Sandbu måtte setjast betre i stand først.

Da så skulen likevel starta opp att om hausten på Gammel-Sandbu den 22. september, heldt foreldra ungane sine heime i protest. Det vart kalla saman til krisemøte i krinsstyret den 24. september, der styret vart samde om at vedtaket om å flytte skulen til Ny-Sandbu måtte iverksetjast "øyeblikkelig". Den første tida gjekk difor undervisninga føre seg i eit anna rom medan det påtenkte skulerommet vart rusta opp.

 

2. Elever pa Ny-Sandbu.JPG (36404 bytes)

Siste året det var undervisning på Ny-Sandbu. Dei fem elevane som står i fremste rekkje, er frå venstre:
Reidar Breden, Petter Haugen, Ola Haugen, Lovise Sandbu og Klara Olsen.
Bak desse står frå venstre: Asbjørn Storrusten, Hans Sandbu, anten Karstein Olsen eller Teodor Næprud framfor Reidar Sandbuvangen, Hedvig Sandbu, Olga Jørgensen og Marie Rustbakken.
Foto utlånt av Hans Petter Kleiven.

 

Da undervisningslokalet på Ny-Sandbu, som låg i den nørdre og ytre delen i 1. etasje, vart teke i bruk seinhausten 1902, vart det tydelegvis ro i skulekrinsen. Ikkje før på eit krinsmøte den 18. oktober 1922 kom det ein ny framstøyt om at det nå laut setjast fart i bygging av nytt skulehus. Grunngjevinga var at lokalet på Ny-Sandbu var blitt for lite. Det var nå 19 born i ei klasse, og i lokalet var det ikkje plass til fleire enn 18 elevar. Krinsstyret vedtok å sende "et andragende til den bevilgende myndighet" om å avsetja eit beløp til nytt skulehus. Samstundes viste dei til eit samrøystes vedtak i skulekrinsen i møte den 11. desember same året om at "Skolehuset med lærerbolig blir å oppføre på P. M. Hansens eiendom Myrløkken mot at jord erholdes der. Skolehuset oppføres med 2 klasserom og lovlig bolig både til lærer og lærerinde. Som grund herfor kan fremheves at det er 35 skoleberettigede barn som for tiden tilhører kretsen med dem som nu søker skole i Sell."

Saka vart nå liggjande i skule- og herradsstyret, der diskusjonen gjekk fram og attende, bl.a. om kvar skulehuset skulle setjast opp. Dei fleste meinte at skulehuset burde liggja på austsida, medan nokre heldt på vestsida av elva. Ein av dei som ivra sterkt for det siste, var Anders H. Sandbu. Så halstarrig var han i agitasjonen at han på eit skulestyremøte tok med jordprøver frå Ny-Sandbu for å syne kor dårlig jordsmonnet var der, og dermed få fleirtalet i skulestyret til å røysta for vestsida.

I ettertid ser ein at A. H. Sandbu ikkje kom nokon veg med dette. I skule- og herradstyremøte den 24. juni 1924 vart plan for det nye skulehuset slik det lokale krinsstyret hadde gjort vedtak om, godkjendt.

Eit forslag frå Petter Marius Hansen Sandbu om kvar tomta skulle stikkast; "ved gamleveien med en bredde av 20 meter nordover og en rett linje på den utenforliggende ledningsstolpe", vart vedteke i krinsmøte den 21. september 1924, og føljande personar underteikna: M. P. Haugen (formann), Iver Stanviken, Iver Vangen, John Haugen, Adolf Gundersen, Johan Eide, Chr. Mæhlum, P. M. Hansen Sandbu og A. Olsen.

6.Skolebygningen.jpg (42070 bytes)

Sandbuskolen under bygging 1924-25.
Etter vedtaket om bygging av skolen 24/6-1924, kom byggearbeidet raskt i gang. Vi ser den nye læreren, Paal Kleiven (som tok til i 1924) foran grunnmuren.
Foto utlånt av Hans Petter Kleiven.

 

Ein kunne nå byrja arbeidet med tomt og hus. Seinhausten 1924 vart grunnmur støypt, og om våren 1925 vart bygginga sett i gang. Arbeidet med oppføringa av skulehuset fekk Arne Sæta (bestefar til Bjørn Sæta som driv Sæta Camping i dag) på anbud etter ein pris av kr. 25.000,- i fullt ferdig stand. Arne Sæta måtte ha hatt med seg eit stort tømrarlag, for alt den 14. oktober 1925 var skulebygningen ferdig, og skulen flytta inn same dagen.

 

Sjølve huset vart kostande kr. 25. 675,96
I tillegg kom:
Maling av skulehuset " 1.907,90
Uthus " 3.760,-
Skåle og WC " 1.850,-
Leikeplass " 742,58
Elektrisk installasjon " 390,-
Omnar " 1.440,-
Vassleidning " 2.400,-
Trappejern " 100,-
Skolehustomt " 3.600,-
Totalt kr. 41.866,44

 

Av dette laut kommunen dekkje kr. 17.053,90, resten vart dekt av fylket. Her er ikkje teke med utgifter til kjellar, heller ikke til skylddelinga av tomta som fekk g/br.nr. 182/7 og namnet Myrvang.

Med uthus må det her meinast fjoset, der det var plass til eit par kyr, griser og høner, og med låve i andre høgda. Eit stabbur vart òg sett opp, men det må ha vore ein del år seinare. WC var nok ikkje noko "water closet" innomhus, nei. Det var den gode, gamle utedassen som vart innreidd i nedre delen av skåla, såvel for lærarfamilien som for elevane. Det var ein skiljevegg mellom gutedoen og jentedoen, men han verka ikkje heilt etter hensikta. Gutane kunne kliva opp og kika ned på jentene, jentene sladra til læraren, og dei av gutane som fortjente det, måtte sitja att etter skuletida.

Men det vart lagt inn vatn, det vil seia berre kaldt vatn i vasskrana. Hans Petter Kleiven fortel at laurdagsbadet hjå lærarfamilien i andre høgda gjekk føre i ei balje på golvet, der varmvatnet vart skaffa frå ein kjel på omn.

På vårparten i 1926 heldt skulekrinsen basar for å finansiera ei drikkefontene til elevane nede i første etasje. På basaren kom det inn kr. 281,57 brutto, og av dette vart det sett av kr. 110,- til fontena. Året etter vart fontena innkjøpt saman med ein vask hjå E. Sunde i Oslo for kr. 103,26. I tillegg kom det på frakt kr. 3,45, og montering av fontena med kr. 23,90.

 

3. Kleiven med elever.JPG (28303 bytes)

Lærar Pål Kleiven saman med klassa si.
Fotografiet er teke ca. 1928, og dei fem jentene som står fremst, er frå venstre: Ella Breden, Klara Næprud, Margit Haugen, Borghild Sæta og Kari Haugen nærmast læraren.
Bak desse jentene står frå venstre: Borgar Sandbu, Karstein Olsen, Lovise Sandbu, Reidar Breden, Ragna Nyheim, Torvald Rustbakken, Magnhild Stanviken, Hans Storrusten, Pål Sandbu og Asbjørn Mæhlum.
Foto utlånt av Hans Petter Kleiven.

 

Kven som sto for vaktmeisteroppgåvene dei første par åra veit eg ikkje, men for skuleåret 1927/28 vart reinhald og fyring i skulehuset sett bort til Bina Sandbuvangen for kr. 4,- pr. veke. Samstundes fekk sonen Reidar Sandbuvangen avtale om å levere fyringsveden. Han skulle få kr. 5,- pr. bjørkefamn, der stikkene skulle vera 80 cm. lange. Neste skuleår vart både vedhogst, reinhald og fyring overteke av læraren på den tida, Pål Kleiven, for kr. 4,- pr. veke.

I 1928 vart det ordna pengar til å setja opp ein bilgarasje til læraren nordanfor skåla. (Ja, det er rett årstal; Hans Petter Kleiven stadfestar at far hans fekk seg bil på den tida.) Utgiftene til tremateriale, spikar, bølgjeblikk og arbeid kom på tilsaman kr. 65,-, og som det står i krinsstyrets møteprotokoll: "...hvilket beløp er taget fra en bankbok tilhørende den gamle fattigkrets".

Den 29. og 30. mai 1930 vart det halde basar i skulekrinsen att. Denne gongen var det til innkjøp av flaggstong og flagg, samt bøker til eit skulebibliotek. Biblioteket var ein hylleseksjon som sto inntil ytre veggen oppe ved kateteret i det søre undervisningsrommet. Flaggstonga kom opp synst i skulegarden, men måtte restaurerast ein gong på 1960-talet fortel Kåre B. Hansen. Han greidde å kaste sund kula i toppen, og fortel vidare at det var nære på at ein annan av gutane fekk skulda. Men så var det nokre av jentene som ikkje hadde noko imot å avleggja "vitneprov" overfor læraren, og rette vedkomande fekk som straff å ta ned stonga og reparere kula saman med Olaf Skog.

Ein annan måte å skaffa pengar på til skulen, var å leige ut skulehuset til ymse tilstelningar. Krinsstyret vedtok på eit møte i 1933 å kjøpe inn 2 dusin kaffekoppar, nokre benkar og eit bord til dette føremålet. Samstundes vart det oppretta ein komitè som skulle styre utleigeverksemda og hjelpe til med å leggja til rette.

I 1936 kom det opp spørsmål om elevane skulle ta pirquetprøve, og krinsstyret kalla saman til krinsmøte den 21. mai. Vedtaket lyder såleis: "Hvis alle foreldre i kretsen lar sine barn ta denne prøve, og at lærerene som for fremtiden måtte ta tjeneste i skolen, lar sig villig stille til undersøkelse i likhet med barna, vil kretsmøtet gi pirquetprøven sin tilslutning".

Eit nytt spørsmål kom opp i 1937. Da handla det om kva målføre som skulle nyttast som hovudmål på Sandbuskulen. Resultatet frå avrøystinga på krinsmøtet var for småskulen 9 stemmar for bokmål og 8 for nynorsk, og i storskulen 13 stemmar for bokmål og 4 for nynorsk. Dette skulle tyde på at skulen hadde bokmål som hovudmål, men vart nok endra seinare.

I åra rett før, under og like etter siste krigen finn ein ikkje at det var oppe noko spesielt av saker i skulekrinsen. Det er nå ikkje så rart heller, folk hadde sikkert heilt andre ting å tenkja på i den tida. Men eit vedtak i krinsstyret vart gjort på etterjulsvinteren i 1947: "Varmt vann skaffes til klasserommene fra lærerens private kjøkken mot en betaling av kr. 40,- pr. år gjeldende fra høsten 1945". Ein skjønar ut frå dette at ein varmtvannstank må ha blitt installert i andre høgda rett etter krigen slutta.

Gjennom ein basar den 22. og 26. mars 1951 som var skjærtorsdag og 2. påskedag det året, vart det skaffa pengar til radio til skulen. Ein Radionette "Symfoni" med leidningar og montering kom på kr. 627,-. Av dette betalte krinsen kr. 327,-, resten vart dekt av fylket. Radioen vart sett inn i ei av hyllene i "biblioteket", og elevane kunne nå høyre på skulekringkastinga og andre program som kunne vera aktuelle.

Det skulle gå utrulege 28 år etter at det nye skulehuset vart teke i bruk og til det vart eiga 17. maifeiring på Sandbuskulen. Etter å ha feira 17. mai saman med Kjørum skule og Skogheim på Sjoa i alle desse åra, var det nokon som på krinsmøte 25. april 1953 la fram idèen om at Sandbukrinsen kunne feira for seg sjølve. Framlegget vart einstemmig vedteke.

Eg er blant dei som hugsar 17. maifeiringa (saman med juletrefesten) som dei store høgdepunkta frå tida på Sandbuskulen. Eg trur alt som kunne krype og gå i skulekrinsen, kom på skulen den dagen, så sant dei hadde høve til det. Vi fekk besøk av korpsmusikantar, og gjekk i tog sørover til Varphaugen og attende. Kvinnene hadde teke med mat, og karane betalte eit beløp som skulle dekkja innkjøp av kaffe etc. Sandbu skulekrins var som ein einaste stor familie, alle kjende alle, og praten gjekk på kryss og tvers medan karane arrangerte leikar ute i skulegarden og kvinnfolka styrde med maten. Den "formelle" underhaldninga var det elevane som sto for, og alle fekk stor applaus for sine framføringar uansett talent.

Møteprotokollen for Sandbu skulekrins gjev inntrykk av uvisse og liten aktivitet når ein kjem fram på 1960-talet. Truleg var debatten om å fløtta kommunegrensa komen i gang, som i sin tur verka til at pengeløyvingar frå kommunen vart bremsa ned. Det var bl.a. på tale å ruste opp det sanitære anlegget, med toalett for læraren i første etasje og for elevane nede i bryggjerhuset i kjellaren, men dette vart det aldri noko av før skulen stengde for godt. Likevel måtte kommunen ut med ein del kroner da vatnet fraus på skulen på etterjulsvinteren i 1963. Erling Hansen var med og køyrde vatn i spann frå Ny-Sandbu til skulen medan det vart grave opp ei djupare grøft og lagt ny leidning frå brunnen ovanfor skulehuset.

I 1965 kom som tidlegare nemnd, Sandbu skule under Sel kommune etter at kommunegrensa var blitt fløtt til synom Sjoa. Men ei ny uvisse var komen til; spørsmålet om å leggja ned skulen. Med berre fem elevar i småskulen og åtte i storskulen i skuleåret 1966/67, var det vanskeleg å argumentera for vidare drift. Nedlegginga var eit faktum våren 1967, og om hausten starta elevane opp att anten ved barneskulen på Sjoa, eller ved ungdomskulen på Bjølstadmo i Øvre Heidal.

 

Lærarane.

 

I løpet av dei 42 åra Sandbuskulen var i drift, frå 1925 til 1967, var det til saman ni lærarar som underviste der i kortare eller lengre tid. Rett nok var det ei periode såkalla vandrarlærarar som var innom kanskje ein fjorten dagars tid i løpet av skuleåret og underviste i sløyd og handarbeid. Ivar Slåen frå Øvre Slåen på Sjoa og Anna Sandbu frå Gammel-Sandbu var slike vandrarlærarar i si tid.

Men dei fast tilsette lærarane fekk for det meste freista eit einsamt tilvære i lærargjerninga ettersom Sandbuskulen i alle år var berre todelt. Det var småskulen og storskulen som ein kalla det den gongen. Storskulen hadde undervisning måndag, onsdag og fredag, medan småskulen gjekk tysdag, torsdag og laurdag. Slik var det fram til hausten 1964, da vart laurdagsfri innført i skulen.

Nokre av lærarane er heilt ukjende for meg, og eg har dessverre ikkje lukkast med å finne opplysningar om dei. Andre har eg fått god hjelp til å skrive litt om, anten av dei sjølve eller av ein nær slektning.

Eg tek dei kronologisk:

 

Pål Kleiven 1925-1939:

Den første læraren som fekk ta i bruk nyskulen, var Pål Kleiven (1903-1990) frå Sødorp i Nord-Fron. Medan han avslutta 4 års utdanning ved Hamar lærerskule våren 1924, søkte Kleiven på lærarpost i heimkommunen, og vart plukka ut blant 82 søkjarar til den ledige lærarstillinga i Sandbu skulekrins frå hausten same året. Han måtte difor halde undervisning på Ny-Sandbu første året, men fekk det privilegiumet å følgja bygginga av den nye skulen på nært hald.

I 1928 gifta Pål Kleiven seg med Nora Sollien (1904-1974) frå Nes på Hedmarken, og borna Hans Petter (1930), Trygve (1932) og Nils Vegard (1936) kom til verda i andre høgda på skulen. I tillegg til undervisninga hadde Kleiven lærarjord og dyr i fjoset, og han tok på seg vedhogsten og fyringa, samt reinhaldet på skulen. Dessutan fekk han seg bil, og med den ei aldri så lita attåtnæring om sommaren.

4. Bilen 1928.JPG (38214 bytes)

Pål Kleiven med familien framfor bilen han kjøpte seg i 1928.
Biletet er teke ute i garden på Sandbuskulen.
Foto utlånt av Hans Petter Kleiven.
 

Han henta danske turistar som kom med toget til Sjoa, dei ferierte i Haugen-gardane ovanfor skulen, og køyrde dei attende til stasjonen når dei skulle reise att. Han kunne jamvel få i oppdrag å køyra turistane både til Jotunheimen og heilt ned til Åndalsnes, og danskane kalla Kleiven for "lillebilsjåfør".

Frå hausten 1939 fekk Pål Kleiven stilling som klokkar og lærar i heimbygda si, faktisk ved den skulen han sjølv hadde vore elev ein gong i tida, og familien flytta dit. Seinare auka familien med ei dotter òg; Vigdis Elise kom til i 1941.

Da den nye skulen i Sødorp vart teken i bruk, vart Kleiven tilsett som styrar der. Forutan interesser innan jakt og fiske, song og musikk, var han òg ein habil kunstmålar. Dessutan samla han stoff omkring Peer Gynt som i mange år hadde fenga interessa hans. Pål Kleiven var ein av dei som sto bak idèen om eit Per Gynt-stemne, og i 1987 vart han heidra med Vehl-Per for innsatsen han la ned i samband med det som nå er eit årvisst arrangement.

 

 

Marie Bjørgum 1939:

Etter Kleiven slutta, kom det ei lærarinne, som ein hadde lov å seia den gongen. Marie Bjørgum vart truleg tilsett som vikar, og sto for undervisninga frå hausten og fram til jula 1939. Seinare vart ho tilsett ved Sødorp skule, og var der fram til 1965. Ho vart tidleg enkje, og hadde ein son, Eirik Bjørgum. Noko meir om Marie Bjørgum veit eg dessverre ikkje.

 

Ivar Harildstad 1940:

Ny vikar vart tilsett frå 1. januar 1940 og ut skuleåret. Ivar Harildstad (1912-1992) vart uteksaminert som cand.philol. ved universitetet i Oslo om våren i 1939, og i hausthalvåret etterpå tok han pedagogisk seminar. Harildstad var frå Kvikne i Nord-Fron, og etter vikariatet på Sandbu, som var første stillinga han hadde etter avslutta utdanning, vart han verande i heimkommunen som lærar og bestyrar ved Vinstra Private Realskole til etter krigen. Saman med kona Dagmar Maria f. Rygland og dottera Synne Guri som var komen til, fløtte Harildstad til Kvinesdal, der han var lektor ved Sørlandets Gymnas og Realskole i åra 1946-48. Deretter fløtte familien til Kristiansand, og Harildstad hadde i nokre år ei stilling ved statsarkivet der samstundes med at han òg underviste som timelærar ved Kristiansand Maskinistskole. Ivar Harildstad vart seinare tilsett som lektor ved Kristiansand Katedralskole/Kristiansand Kommunale Realskole, deretter lektor ved Kristiansand Interkommunale Høyere Almenskole, før han og kona med borna Synne Guri og Jon Anders fløtte nordover til Hamar i 1961. Frå hausten same året vart Harilstad tilsett som lektor ved Hamar Katedralskole, ei stilling han hadde fram til han gjekk av med pensjon i 1981, nær 70 år gammal. Dottera Synne Guri fortel at familien si hytte ved Breistultjønn i Skåbu var ein kjær stad for faren å koma til i alle sommarferiane. Ved sida av å kunne ta seg lange sykkelturar, var faren svært interessert i slektshistorie, og kontakten med heimbygda og slekta var viktig for han. Synne Guri fortel vidare at foreldra vart buande på Hamar etter at dei vart pensjonistar, og at mor hennar framleis lever.

 

Hjalmar Johnsgaard 1940-1958:

Hausten 1940 kom Hjalmar Johnsgaard (1904-1988) til Sandbu skule. Han var født i Øyer, tok lærarutdanning ved Notodden lærarskule, og tilleggsutdanning ved Hjerleidske og ved lærarhøgskulen i Trondheim. Før han byrja på Sandbu skule, hadde han hatt lærarpostar ved Døsen skule i Vingrom og ved Engelund skule i Øyer. Johnsgaard var gift med Ingeborg Mæhlum frå Øyer. Ho lever framleis.

Dottera Live Signe var halvtanna år da lærarekteparet flytta inn i andre høgda på Sandbuskulen, og tre år seinare fekk dei dottera Ingegerd Halldis.

Johnsgaard var særs jakt- og friluftsinteressert. Han oppmuntra elevane til å drive med skiaktivitetar og friidrett, og tok dei med på turar, bl.a. til Slåsetrane og opp i Kollodokka. Dei som var interesserte, fekk jamvel vera med han på ekornjakt.

I tillegg til undervisninga, dreiv Johnsgaard og familien skulejorda. Fjoset var så kaldt at dei laut ha to kyr for at dyra skulle halde varmen gjennom vinteren, fortel Live Signe. Dei var den siste lærarfamilien som hadde mjølkeku i skulefjoset. Skulereinhaldet tok Ingeborg seg av.

Hausten 1958 fekk Hjalmar Johnsgaard ny lærarpost ved Ruste skule i Nord-Fron, og familien fløtte til Vinstra der dei bygde seg hus.

I elevprotokollane frå tida 1924-67 finst det berre to notat etter lærarane. Det eine er skriven av Johnsgaard: "Våren 1955 var sur og kald. Så seint som 25. mai var lauvskogen svart (grå) og alle fjell mest heilt kvite".

 

Ole Arnfinn Torgersrud 1958-1959:

Han treng neppe nokon nærare presentasjon, men eg nemner i stutte drag at Ole Arnfinn Torgersrud (1917-1974) vart født og vokste opp i Østre Gausdal. Nokon formell lærarutdanning hadde han ikkje, men virka som lærar både i framhaldsskulen og i folkeskulen nokre år. Enda om han treivst godt med dette yrket, valde Torgersrud i staden å gå vidare innanfor journalistikken. Han vart tilsett som journalist ved Otta-kontoret til lokalavisa Dagningen, seinare som reiseskrivar i Gudbrandsdal Ungdomslag, og tok dessutan over som redaktør av Årbok for Gudbrandsdalen etter M. Høgåsen.

Best kjend er vel O. A. Torgersrud for sine eigne tekstar, i form av både viser, vers og dikt. Eksempelvis kan nemnast ei diktsamling han ga ut i 1956, "Det gol ein gauk", som kom i nytt opplag nyleg.

Ekteparet Torgersrud fløtte med tida til Lillehammer, og seinare attende til farsgarden hans i Østre Gausdal.

 

Aslaug Høydal 1959-1960:

Så vart det ei lærarinne att. Aslaug Høydal (f. 1916) frå i Seljord i Telemark, dreiv som lærar frå hausten 1959 til frampå hausten 1960. Ho er velkjend for dei fleste gjennom den store forfattarskapen sin. Eit uvisst antal bøker, både skjønlitteratur, novelle- og diktsamlingar, skriven for både born og vaksne, samt bøker til bruk i skulen, er komne frå hennar penn. Ho fekk Melsomprisen i 1964, og Sunnmørsprisen for beste bok i nynorsk målform i 1972. Etter å ha vore lærar bl.a. i Telemark og på Sandbuskulen, flytta Aslaug Høydal til Skjåk. Ho bur nå på Utgard i Lundegrenda, "den mest litterære kroken i Norden".

 

Steinar Hernæs 1960-1961

Aslaug Høydal slutta ved skulen i september l960, og student Steinar Hernæs, født 1939 i Skåbu i Nord-Fron, kom rett frå militærteneste og tok over undervisninga.   Hernæs ville prøva om det var noko å fylgja i farens fotspor, og nokre av elevane kunne fortelja at mor deira hadde hatt far hans som lærar i Kjørumskulen.   Hernæs likte seg godt på Sandbuskulen. På ettermiddagar og kveldar dukka det ofte opp att elevar, og det vart leik, kjelkerenning, eller ei pratestund med teikning oppe i andre høgda. Han gjorde òg arbeidsbyte med skulevaskaren Martha Olsen, slik at ho heldt reint i bustaden hans, medan han fyra opp i klasserommet om morgonen. 

Etter året ved Sandbuskulen tok Hernæs utdanning ved Hamar Lærarskule, og vart deretter tilsett ved ungdomskulen i Gausdal. Der han har vore både lærar, rådgjevar, inspektør og til slutt rektor.

Utanom skulen har friluftsliv m/sportsfiske og idrettsarbeid vore dei største interessane.

Steinar Hernæs er gift med Bjørg Lillian Lishagen frå Lillehammer, kjærasten som var på besøk på Sandbuskulen våren l961. Ekteparet er busett i Gausdal, og har sønene Jostein og Ståle. 

 

Bjørn Holm-Hansen 1961-1962:

Var lærar ved Sandbuskulen i skuleåret 61/62. Personleg hugsar eg han som ein røsleg kar med fullskjegg og mørke briller. Eg har ikkje funne ut kvar han kom frå, heller ikkje kvar han drog vidare. Men namnet hans var seinare å finne som redaktør først i bladet "Alle Menn", seinare i bladet "Villmarksliv". Kona hans vart kalla Vesla, og sonen Cato Holm-Hansen gjekk på Sandbuskulen medan faren var lærar. Bjørn Holm-Hansen hadde i hvert fall to døtre, og truleg ein son til, men dei var ikkje gamle nok til å ha byrja i skulen på den tida.

 

Johanne Fremo 1962-1967:

Frå Nordland kom Johanne Fremo (1913-1999). Ho vart født og vokste opp i bygda Levang i daverande Nesna, nå Leirfjord kommune. I vaksen alder, og som fråskild åleineforsørgjar til ein gut i framveksten, tok ho lærarutdanning og eksamen i 1952 ved Nesna lærerskole. Da hadde ho i førevegen vore "erstatningslærar" ved barneskular i Finneidfjord og Sør-Rana, og internatbestyrar ved ein skule ved Røsvatn.

Etter utdanninga var Johanne Fremo tilsett ved fleire skuler nordpå, både i Moskenes, i Flakstad og i Gildeskål, før ho hausten 1962 vart tilsett ved Sandbuskulen. I tillegg til å bruke naturen mykje, noko vi elevane ofte fekk vera med på i skuletida, var fru Fremo glad i handarbeid, særleg hardangersaum. Men den største interessa låg truleg innanfor litteratur, både det å lesa og å skrive sjølv. Ho skreiv både dikt og prosatekstar, men det vart aldri publisert. Unnataket er nokre omtaler av barnebøker, som vart trykt i fagbladet for bibliotekarar, fortel sonen Skjalg Fremo.

Fru Fremo som vi kalla henne, vart verande til Sandbuskulen vart lagt ned i 1967, og ho står for det andre notatet ein finn i elevprotokollen. Fru Fremo skreiv: "9/6-1967 var siste skuledagen ved Sandbu skule. Laurdag 10. juni slutta vi skuleåret med ei lita feststund for skuleborna og dei mødrene som var med oss. Frå hausten 1967 tek borna i Sandbu krets til ved Sjoa skule."

Etter nedlegginga hadde Johanne Fremo utdanningspermisjon i åra 1967-69, og tok da eksamen i norsk og historie ved Norges lærerhøgskole i Trondheim. Ho vart deretter tilsett ved Bjølstadmo skule i Heidal, og nokre år seinare kjøpte ho seg husvære i nærleiken av skulen. Johanne Fremo vart verande ved Bjølstadmo skule til ho gjekk av med førtidspensjon i 1977, og budde i Heidal levetida ut.

 

5. Fest 1987.jpg (59311 bytes)

Gjensynsfest våren 1987. Lærar Pål Kleiven som da var 84 år, fekk treffe att elevane han hadde på Sandbu skule i tida 1924-39. Etter synfaring og fotografering på skulen som nå er barnehage, hadde dei eit trivelig samvær på vertshuset Sinclair i Kvam. Ei liknande tilstelning vart halden våren 1998, der elevane som gjekk i skulen i tida 1939-67, møttest på skulen først, og hadde ei minnerik samling i bygdahuset Furulund på Sjoa etterpå.

 

Etter nedlegginga.

 

Så vidt eg veit, så vart undervisningsromma på Sandbuskulen etterpå nytta som lagerplass for kommunen, medan lærarbustaden i andre høgda vart utleigd. Den siste læraren, Johanne Fremo, leigde i hvert fall bustaden fram til ho fløtte til Heidal i 1973.

Etter omlag ti år på dette viset, byrja det å hende noko. Kari Storrusten Kjørum som sjølv hadde eigne born i førskulealderen på den tida, meinte skulelokala måtte eigna seg godt til barnehage. Ho kasta fram tanken både for kommunen og for andre småbornsforeldre. Dei siste viste svært stor interesse, og etter kvart gjekk kommunen også med på å leige ut skulen til privat barnehage. Med mykje eigeninnsats frå Kari Kjørum og dugnad frå interesserte foreldre, vart barnehagen godkjend med utedass og det heile, og første styremøte vart dagsett 19. september 1977. Som leiar for barnehagen vart tilsett Elisabeth Aamodt Stubbrud som dei første åra dreiv åleine. Seinare vart barnehagen overteken av kommunen, sanitæranlegget var rusta opp, og lokala utvida med lærarbustaden i andre høgda. Fleire ungar fekk barnehageplass, og fleire vaksne fekk ein arbeidsplass.

Som eit resultat av godt samarbeid mellom kommunen, barnehagepersonalet og foreldra, framstår barnehagen i dag som eit svært vellukka etterbruksprosjekt. Men det er takk vera Kari Storrusten Kjørum, hennar idè og innsats den gongen, at skulebygningen vart teken i bruk att, og nå er eit levande hus i den gamle Sandbu skulekrins.