Ei utgreiing om slektskapen mellom

Rommundgard og Bergum

 

Aud Sandbu

Framsida

 

Ivar Kleiven skriv i boka si "I gamle Daagaa" om Romundgard:

Før 1530 låg garden under Erkebispestolen i Trondheim. Svara jord-skyld for Bolongen også.
Etter reformasjonen og fram til 1668 var Romundgard krongods under Fredrik III.
Ikring 1668 vart garden kjøpt av oberst Ditlef Brochdorff, som seinare overdrog Romundgard til sonen Christian August Brochdorff.
Ein Ola Romundgard sat som leiglending på Romundgard i tida 1610 til 1640.
Sonen Pål Olson Romundgard overtok etter faren og blir nemnd i 1666 som postbonde.
Han var gift med Mari Jacobsdtr. Bræe. (Ho må truleg vera dotter til Jacob Frikson Bræe, og syster til Hans Jacobson Bræe som i 1637 bygsla fiskevatnet Øyangen.)
Brochdorff som framleis eigde Romundgard, selde garden i 1681 til ein Tosten Kleppe for 300 rd., men Pål Romundgard og familien fekk sitja på garden til Pål døydde nokre år seinare.
I mellomtida var ekteskap inngått mellom dotter til Pål, Ymbjørg Pålsdtr. Romundgard og sonen til Tosten Kleppe, Tord Tostenson Kleppe. Dette var eit lugumt giftemål på det viset at Tord Tostenson overtok Romundgard etter faren, og Ymbjør vart gardkjerring der ho var født og voks opp.
Tord Tostenson døydde ikring 1720, og enka Ymbjør Pålsdtr. sat med garden til sonen Tosten Tordson overtok i 1730.
Denne Tosten Tordson hadde sonen Tord Tostenson som overtok Romungard etter faren. Men han døydde i ung alder og hadde ikkje arvingar etter seg.
Eit søskenbarn av Tord Tostenson, Tord Person Sandbu (ca.1730-1802) overtok på Romundgard. Desse to hadde felles besteforeldre i Einar Sjugurdson Nørdre Hole frå Lesja og kona Gunhild Persdtr. Håkenstad, altså måtte mor til Tord Tostenson vera dotter deira og syster til far til Tord Person, Per Einarson (d. 1738, 51 år) som var gift med ei Marit Romundgard.

 

I Kvarberg-heftet side 28:

Denne Tord Person Sandbu var gift med Rønnaug Jonsdtr. Garmo (1749-1829) og hadde bl.a. sonen Tord Tordson Romundgard (1776-1851) som gifta seg med Ingri Iversdtr. Fellese (1776-1844). Dei fekk 5 barn.

Nr. 1, Tord Tordson f. 1803 var ugift
Nr. 2, Iver Tordson f. 1803, tvilling med nr.1 ? - døydde i 1820, berre 17 år gamal.
Nr. 3, Tosten Tordson (1807-1875) gift med Mari Thorsdtr. Lie frå Dovre. 10 barn.
Eldste barn/dotter Ingrid Tostensdtr. (1837-1924) gift med Johannes Jacobson Stampen (1831-1897)
Nr. 4, Hans Tordson f. 1810 kom til Lie på Dovre.
Nr. 5, Pål Tordson (1817-1902) gift med Anne Hansdtr. Formo f.1822, kjøpte Blessom nordre.

 

Frå panteregisteret:

Tinglyst 1799: Skjøte fra Thor Pedersen til Thor Thorsen på 5 Huder med underliggende Belgøen (?) for 1200 Rd. (Altså frå far til son.)

Tinglyst 1835: Skjøte fra Thor Thorsen til Tosten Thorsen paa denne Gaard for 1500 Rd. (Dette må vera mellom brødrene Tord f.1801 og Tosten 1807-1875

Tinglyst 1866: Skjøte fra Tosten Thorsen Romundgaard til hans Svigersøn Johannes Stampen paa denne Gaard for 1800 Spd.

(Altså er det edste barn/dotter Ingrid Tostensdtr. og mannen hennar som overtok på Romundgard etter denne Tosten.)

**************************************************************************

 

Frå kyrkjeboka vedr. Bergumslekta:

I sjeleregisteret 1736 finn eg Hans Jacobsen Rommengaard 23 Aar. Dette må truleg vera far til nedan-nemnde Jacob, som ein høyrer om i den muntlege historia om Bergum.

I registeret over døpte barn i 1739, har eg funne:

Hans Jacobsens Barn, en Søn kaldet Jacob

Faddere: Tosten Rommengaard, Ole Rommengaard, Johannes Jacobsen Olstad, Marit Jørgensdtr. ?

I same register for året 1741:

Hans Jacobsens Barn, en Datter kaldet Kari

Faddere: Tosten Rommengaard, Iver Iversen ibid (?) Ole Rommengaard, Aaste Pedersdtr. (?) Ane Steenen (?)

Sjølv om faren ikkje er nemnd med stad-tilhørigheit, er det nærliggjande å tru at dette er "Bergumsfolk", men umogleg å avgjera om dei bur på Bergum. Dersom dei budde der, tykkjer eg det er rart at ikkje naboar av Bergum er fadderar, slik det kjem fram i seinare generasjonar. Men det er i alle fall ikkje tvil om at Jacob og Kari er syskjen.

I registeret over døpte barn for året 1760 har eg funne:

Jacob Hansens Daapsbarn Ole

Faddere: Tosten Rommengaard, Ole Rudi, Engebret Skienna, Rønnoug Olsdtr.

Heller ikkje her er faren god å identifisera, men dette dåpsbarnet var det einaste eg fann som passa best i forhold til farsnamn, faddere og årstal, for i registeret over dødsfall i året 1853, finn eg:

Ole Jacobsen Bergum under Rommundgaard, 92 Aar gammel.

Dette har igrunnen ikkje så mykje å seia for utgreiinga om Bergum-slekta bakover. Meir interessant er det å sjå på kausjonistane då Ole og Kari gifta seg.

 

Copulerede 21-5-1799:          Sold. Ole Jacobsen
Pige Kari Iversdatter

Cautionister: Jacob Sandboe, Iver Tejgen.

Sistnemnde må vel vera Iver Erlandsen 53 år og gardmann på Tejgen (i Sjårdalen ?) i 1801. Han kan vera far til brura.

Jacob Sandboe trur eg må vera Jacob Tostensen 70 år, husmann under Sandboe i 1801.

Ser ein nærare på denne husmannsfamilien, er namna Jacob og Hans nytta (-i tillegg til Tosten) slik som hjå "Bergumfolket". Kan dette vera to greiner under Pål og Mari Romundgard ?

Eg trur svaret på om "Bergumfolket" er den gamle Romundgardsætta, er å finne dersom ein også finn syskjen til Ymbjørg Pålsdtr. Romundgard. Det er i Kvarbergheftet nemnd ei Ragnhild Pålsdtr. Romundgard f.ca.1670 på side 198. Kanskje fanst det ein Hans Pålsen også, som vart far til Jacob Hansen som vart far til Hans Jacobsen 23 år i 1736....?