Ivar I. Blekastad

HOHM

 

Ivar Blekastad.jpg (18578 bytes)

 

Framsida

 

Ivar I. Blekastad var født 4. oktober 1850 på Blekastad. Han ble gift med Torø Halvardsdtr Ofigsbø fra Lom.

Svogeren Hallvard Ofigsbø skriver i "Gudbrandsdalsboka", utgitt i 1926 om Ivar:

"

Ivar tok te i ungdommen som handelskar (kræmar). I det same det vart folkehøgskule (Chr. Bruun var inne paa Blekastad fyrste gong han reiste uppover dalen for aa søkje raad, kaa han skulde freiste med skulle helst), var dei med kaar sin vinter Sigurd og han, ein styrde krambua ved Blekastad, mea den andre var paa skula. Her er eit lite døme paa toe i Ivar: Eit aar hadde han kjøpt noko naut. Prisen steig og guten tente godt paa nautom, so mykje at ivar fann det rettast aa gaa aat seljarom og gje døm noko attpaa. Vinteren 1873-74 var han med Andreas Austlid som lærar ved friskulen i Lom, og vinteren etter lærar istaden hans. Friskulearbeidet hugtok han slik, at det vart hans livsideal: hans kjæraste arbeidsvirke. "Ein betre barneskule enn den vanlege". Han hadde set kaa ille borna lei i skulen, ved at dei skulde lære bøker utanaat som dei ikkje forstod. Det var aa turke upp den gode kjelda i barnehjærta som velder te liv. Det største og beste for born er: Gode foreldre, gode folk aa vera samen med og ein god skule som ikkje øydelegg den gode barnespire i barnesinn og barnehjærta. Ein stor mann har sagt: "Ein skal bli som born for aa bli lykkelig!" Og her har skulen eit stort ansvar.

Hausten 1875 reiste Ivar Blekastad te Gausdal og tok te med friskule fyrst paa Austlid og sidan i andre gardar i grenn. Skal faa herme lite etter Andreas Austlid um Ivar som lærar: "Aa høyre han fortelje - landkunna, bibelsoga, reiseskildringar, eventyr, eller kaa det var aat bornom - det var fest. Dei sat som dei var spikra, og lydde. Med augo og munn og krop og drog sogane utor han. "No tenkjer eg vi slutta," sa han endeleg. Nei vi tenkjer ikkje, vi gjer det:"meir, meir!" sa borna. Men han var ubøyeleg.

Han hadde litor løn for arbeidet, husmannsborn fekk vera med fritt.

Um ei tid kjøpte Ivar Loshaugen og lite jordveig ned ved Holsbrua. Her bygde han upp ein stor bygnad med krambud, varerum, kjøken og andre hus som vilde til, bygde uthus te eit gardsbruk, kjøpte attaat meir jord paa Skjerve og arbeidde upp, so Bruvang no er ein gard paa 85 maal dyrka jord. Seinare fekk han kjøpt ei sæter au. Eit ungdomslag fekk han i gang trast han kom til Gausdal og hustuft aat det gav han paa Myrvang.

No var han skulemeister, kræmar, gardbrukar og styrar for eit ungdomslag. Men hans store framsyn, umtankje, arbeidsvilje og hugmaal te aa gjera vel baade i det aandelege og materielle, saag, at den store reppen Øygardan med alle smaagardar fekk alt for lite for mjølka, mot dei større gardmenn som kunde yste feitost heime. Best det er , staar eit panneysteri med motorkraft i fullferdig stand paa Bruvang, og kaar som vilde kunde faa levere mjølk etter ein paa forhaand uppsett pris etter ostenoteringen. Dei smaa jordbrukarar fekk dubbelt vending av mjølka si. Og det vart velstand i den store reppen. I 1906 kom dette ysteri i gang med ysting baade av feitost og nøkleost, heldt paa utvida det noko um senn, men vilde bli for lite.

I 1913 stod eit fullt ferdigt dampysteri med lagerrum aat osta. Mjølka auka, osten gaar fort unda; for han har faatt orde paa seg for aa vera fin-fin ost utan noko fjaskeri ved. Dei som leverte mjølk var velnøgde, og Ivar Blekastad vart ein velstandsmann av dei fyrste i bygda. Og tok til utan formue. Um han har havt god hjelp av ei kone og dei framifraa flinke born etterhand dei voks til, har han no sjølv vore styrar for det heile. Av gutom har ein det praktiske arbeid i ysterie, ein paa krambua og ein med jordbruket. Ein er ein dugleg landskabsmaalar og ein har slegje seg paa boka. Det er godt samhald og kjærleik i denne heim, og difor gaar det godt. Ivar Blekastad har enda vore mykje med i bygdastyre, i lang tid formann i skulestyre og forlikskomisær. Og herte skriv han mykje i bladom. Blekastad er iverig avhaldsmann og maalmann, skriv berre norsk maal. Han var vinstremann inntil Johan Castberg sprengde bondevinstre; gjekk utor vinstre og inni "Bondelaget".

Han har stor framferd og viljekraft, so det maa fram det han set seg fyre. Han har eit godt huglynne og lugum te aa vera i lag med folk. Den ærlege vennesæle mann skaffer seg mange vener og stor tiltru."

Ivar og Torø Blekastad hadde ni barn sammen:

  • Ivar født 1880
  • Hallvard født 1883. Ble kunstmaler. Gift med den tjekkiske forfatteren Milada Topicova.
  • Sigurd født 1885
  • Gudrun født 1887. Ble gift med forfatteren Olav Aukrust.
  • Gunhild født 1889
  • Margit født 1891
  • Torbjørg født 1894
  • Olav født 1896 og
  • Eiliv født 1898

 

Ivar Blekastad døde 20. januar 1936.