Nørdre Bræe

HOHM

Framsida

Plasser under Bræe | Bræe | Søre Bræe | Nørdre Bræe | Ekra

 

Nørdre delen av Bræe vart fyrst brukt som sjølstendig bruk av Ola Fredrikson, tredje sonen til Fredrik Hansson og Marit Andersdtr Bræe. Han budde med huslyden i søre stugu på Bræe, og hadde husdyr og avling saman med broren. Då Ola fall frå, vart nørdre Bræe frådelt som sjølstendig bruk, og Hans Knutson Bræe tok over garden kring 1890. Han budde med huslyden på skyss-stasjonen på Brævangen, og hadde, som Ola før han, husdyr og driftsbygning på søre Bræe. Då Hans fall frå i 1913, vart det dottera Ragnhild som fekk garden.

Ragnhild Breden selde nørdre Bræe til syskjenbarnet sitt, Ivar Fredrikson Bræe i 1922, og det var han som sette opp dei fleste av husa som står på garden idag. Stugubygnaden er sett opp av ein del av søre stugu frå søre Bræe.

Ivar Breden var født i 1895, som son av Fredrik Knutson Breden og kona Marit uppigard Bu. Han vart gift med Barbro Gudbrandsdtr nørdre Fjerdingren født 1892, frå Heidal. Barbro døde i 1976, Ivar fall frå i 1988.

Det er idag barnebarnet deira som eig og driv nørdre Bræe.