Brånåløkken

HOHM

Framsida

Plasser under Breden

Den 4. september 1791 vart Kari Olsdtr vigd til Johannes Jonsen Nølien frå nord-Sel. Kari var 20 år gammel, født i 1770. Ho var truleg dotter til Ola Hansen Kvernhussletten og kona Marit Syversdtr. Johannes var 28, født i 1763 som son til Jon Olsen Nølien (søre Olstadeie). Kausjonistar var Paul Tho og Ole Åsåren.

Paret budde ei tid på Dahle; fyrste barnet er født der. Sidan slo dei seg ned som plassfolk under Bræe, i dei ulendte og steinute bakkane nord for Solgjemsbergom. Frå rå rot braut dei nokre jordflekkar mellom bergrabbane, knapt nok til å brøfø seg og sine. At det  var mykje slit, vitnar steinrøysene og steingjerda kring jordlappane om. Plassen vart kalla Brånålykkja. Sonen Jon fikk dei same året dei gifta seg, og siden gjekk det slag i slag. Det vart sju ungar på talet:

  1. Jon født 1791,
  2. Ole født 1794, døde i 1804.
  3. Ingeborg født 1798, gift med Ola Andersen Heringstadeie i 1820. Dei er innerst i Djupdalen (Bjørstadeie) i 1865.
  4. Fredrik født 1800,
  5. Hans født 1804, gift med Anne Tordsdtr Kringeneie. Dei vart plassfolk i Bruranda.
  6. Marit født 1807, gift med Jon Andersen Solgjemsbergum.
  7. Ola født 1810, gift 1844 med Anne Olsdtr, enkje i Kvernhussletten.
  8. Østen født 1810 (tvillinger),
  9. Johannes født 1812, kom til Vetlhaugen.

Jon Johannessen vart neste husmann i Brånålykkjun. Han vart gift med Kari Larsdtr Tamburstuen (Loftsgårdseie) i 1817, og tok vel over plassen samstundes. Men førådsfolket heldt ut lenge: Gamle Johannes Jonsen fall frå i 1837, 80 år gamal. Det var ein høg alder på den tida, men kona Kari overlevde han med heile 24 år! Ho døde i 1861, 97 år gamal!

Jon og Kari fekk desse barna:

  1. Johannes født 1817, gift med Gunnild Hansdtr Moeie i 1841. Gardbrukar i nedre Kolbotten på Selsverket i 1865.
  2. Lars født 1821, ugift. Budde all sin dag i Brånålykkjun. Han døde i 1900.
  3. Ola født 1825, gift med Ymbjør Pedersdtr Solgjemseie i 1846. Dei vart plassfolk i Flekken i Høgkringom.
  4. Fredrik født 1828, gift med søskenbarnet sitt, Kari Johnsdtr Solgjemsbergum.
  5. Jon født 1831, døde i 1837.
  6. Kari født 1834. Døde same året.
  7. Anders født 1836, ugift. Han er tjenestkar på Mæhlumsvangen i 1865, men flytta sidan attende til Brånålykkjun, og er manntalført der i 1875. Flytta til Porsgrunn i 1886.

 

Fredrik født 1828, gift med Kari Johnsdtr Solgjemsbergum i 1857, tok over plassen etter foreldra.

Barn:

  1. Jon født 1857
  2. Marit født 1859
  3. Kari født 1862
  4. Johannes født 1864.
  5. Iver født 1868
  6. Fredrik født 1871
  7. Synne født 1873

I 1865 er jordveigen i Brånålykkja delt i to bruk, men det er hus berre på nedre delen.

I nedre Brånålykkja driv husmannen Ola Johannessen og kona Anne Olsdatter. Dei hadde brukt Kvernhussletten fram til 1858, då dei flytte til Brånålykkja att. I 1865 har dei fire sauer, sår ei halv tønne bygg og set ei kvart tønne poteter. Anne døde i 1868, Ola gjekk bort i 1895, 90 år gamal.

Øvre Brånålykkja driv Fredrik Johnsen og kona Kari Johnsdatter med fire barn. Saman med dei bur også foreldra til Fredrik, Jon Johannessen og Kari Larsdtr, og den ugifte broren Lars. Huslyden før ei ku og tre sauar, og sår 3/8 tønne bygg og ei tønne poteter.

 

Ti år etter, i 1875, er det store endringar i Brånålykkjun. Jordveigen blir no driven som eit bruk at. Fredrik Jonsen og Kari Jonsdtr som var plassfolk i 1865, har flytta til grannebruket Solgjemsbergum, der Fredrik er husmann etter svigerfaren Jon Andersen.

Plassfolk er Ola Jonsen og Ymbjør Pedersdtr, som tidlegare budde på plassen Flekken i almenningen. Dei bur i eine stugu med barna

  1. Ymbjør født 1853, gift med Hans Olsen Sigtrudplassen i 1881.
  2. Rønnaug født 1857,
  3. Jon født 1859, gift med Marit Jonsdtr Solgjemsbergum i 1886, og
  4. Iver født 1862 .

I "Gamlestuen" bur foreldra til Ola, Jon Johannessen og Kari Larsdtr, som båe er på legd og "Forsørges af Bygden ". Her bur også brørne hans, Lars og Anders, og farbroren Ola Johannessen med dottera Mari og svigersonen, skomakermester Hans Syversen Karistuen med deira dotter på eit år.

Plassen før ein okse og ei ku, ein kalv, 12 sauer og 30 geiter. Utsæden er 1/8 tønne rug, ei halv tønne bygg, ei kvart tønne blandkorn og to tønner poteter. I tillegg sår dei 1/8 tønne rug, 2/8 tønne bygg og ei tønne poteter i Flekken.

I 1877 døde så gamle Jon Johannessen, 87 år gamal. Kona Kari Larsdtr vart 86 år gamal. Ho fall frå i 1879.  

Då Ola Johannessen døde i 1886, flytta dottera Mari med familien inn hjå svigerfaren i førådsbygnaden i Karistugu.
Samstundes flytta Ymbjør og Ola tilbake til Flekken saman med sønene Jon og Iver. Iver budde i Flekken til i 1887, då han meldte utreise til Ringebu.
Ymbjør Pedersdtr døde i Flekken i 1900. Ola Jonsen døde samme sted i 1902, båe som fattiglemar.

 

Inn som plassfolk i Brånålykkjun kom no Ola Hansen Svingen og kona Torø Olsdtr frå midtre Slåen. Dei var gifte i mai 1887, og tok vel over plassen samstundes. Med seg hadde dei foreldra til Ola, Hans Olsen Svingen og Anne Jonsdtr frå Jonsgard.

21. mai 1891 fekk Torø og Ola ei dotter. Men Torø døde berre to dagar etter fødselen. Dottera vart døypt Torø etter mora, men ho døyde 27. november same året. Hans Olsen Svingen døde i Brånålykkjun i 1893, 70 år gamal.

Systra til Ola, Marit Hansdtr, gifta seg i 1891, med Ole Pedersen Storstein frå Selsverket. Dei budde nokre år i Brånålykkjun, og fekk ei dotter der i 1894. Ho fekk namnet Ragna, men døde like etter fødselen.

Ole Pedersen med familien tok etternamnet Sten, og bur i Brustad i 1900. Han er bygningsarbeidar. Anne Jonsdtr er manntalsført både saman med dei, og i Svingen, der ho bur saman med barnebarna Rønnaug, Hans og Anne i 1900. Ho ”Lever af Haandarbeide, særlig Spinding. Understøttes af Fattigvæsenet”.

Ola Hansen Svingen født 1860, finn vi i 1900 som jernbanearbeider i nedre Stjørdal. Han er gift med Brita Kjelsen frå Sverige, og har ei nyfødt dotter Kristine.

I 1900 er Brånålykkja fråflytta og jordvegen utlagt. Idag er det berre murane, røysene og steingardane att etter denne plassen, som på det meste husa 14-15 menneske.

 

I brattlende nedanfor Næprudberget, ved det gamle råket til øverbygda, ligg Friklykkja, ein liten jordlapp med steingard rundt. Lykkja er venteleg kalla etter husmannen Fredrik som her brukte ledige stunder på 1860-talet til å flytta enda nokre tonn med stein for å gjera armoda litt mindre for seg og sine.