Fredrik Fredrikson Bræe

HOHM

Framsida

Plasser under Bræe | Bræe | Søre Bræe | Nørdre Bræe | Ekra

Fredrik var født i 1813, og var i 1852 gift med Torø Olsdtr Blekastad frå Sel. Det vart han som tok over Bræe då faren, Fredrik Hansson, fall frå i 1842. Det var ein eldre bror, Hans, men han var ugift, og var truleg heller ikkje skikka som gardbrukar.

Fredrik var ein ustadig kar. Før han vart gift, fekk han tre søner med tre ulike gjenter i bygden, han var "hard på flaska", og heldt etter kvart på å setja garden over styr. I 1845 forpakta han bort garden til brørne Ola og Knut for 10 år, fram til 1855. Men i 1866 gjekk det ikkje lenger, og han og broren Knut makeskifta eigedomane sin. Knut tok over på søre Bræe, og Fredrik flytta til Ekra, garden som Knut hadde teke i bruk ti år tidlegare. Her vart han buande med familien til han døydde i 1883. Torø fall frå i 1903.

Torø og Fredrik hadde desse borna:

  1. Fredrik, 1853 - 1933. Gift med Mali Thomasdtr Evjen frå Meråker. 8 barn.

    Fredrik Ekrem, som han skreiv seg, var ein vidreist kar. Som 21-åring drog han til Nord-Varanger på veiganlegg, og var jamvel ein tur inn til Arkangelsk i Russland.  Sidan var han med  på Lofotfiske ein vår, før han byrja på Meråkerbana i 1877. Etter det heldt han fram ved jernvegen: ved Bergensbana ved Voss, ein tur i Sverige 1885-86, jernvegsanlegg på Hadeland, Ringsaker, Ringebu, Froland, Dovre, Minnesund og Sunnan i Nord-Trøndelag. Fyrst som arbeidar og akkordformann, sidan som oppsynsmann. Då han slutta ved jernvegen i 1921, fekk han Kongens Fortjensmedalje. Han kjøpte ein eigedom ved Ringebu stasjon, og døydde der den 15. juli 1933. Han og kona er gravlagt på Grefsen i Oslo.

     

  2. Marit, f. 1854 - 1926. Gift og busett i Valdres, med Amund Øyen. Ei dotter.

    Marit fekk som ungjente eit barn med Amund Olson Selsjord. Ho klarte å halda svangerskapet løynd, og ved fødselen drap ho barnet og kasta det på elva ved Brævangen. Men kroppen flaut iland ved Heradalen, og Marit fekk tukthus-straff på Akershus for ugjerninga. Då ho slapp fri, reiste ho til Valdres, og vart gift der.

     

  3. Ragnhild, f. 1857 - 1926. Gift med Ola Pederson Smedstuen frå Selsverket.

  4. Ola, f. 1859 - 1933. Arbeidde ved Kykkelsrud kraftverk.

  5. Anne, f. 1862 - 1937. Dreiv i mange år ein kafè på Hamar. Ho budde siste leveåra sine på nørdre Bræe.

  6. Hans, f. 1865. Døde i 1894 av "Strubetuberkolose".

 

Fredrik hadde desse borna før han vart gift med Torø:

  1. Med Ingri Amundsdtr. Slåen:                                     Hans Fredriksen Resset, født 18. april 1842.
  2. Med Imbjør Olsdtr. Selsjordeie (Jordet):                  Jacob Fredriksen Jordet, født 14. november 1844
  3. Med Kari Olsdtr. Selsjordeie (Jordet), syster til 2:   Fredrik Fredriksen Jordet, født 4. mai 1845.