Knut Fredrikson Bræe

HOHM

Framsida

Knut Fredrikson, født 1817, og Anna Eriksdtr fekk desse borna:

  1. Marit, født 1843. Gift med Jakop Olson Selsjord frå Bræbygden. Vart gardkjerring på Selsjord.
  2. Fredrik, født 1846. Gift med Marit Iversdtr uppigard Bu frå Bræbygden. Vart gardbrukar på søre Bræe etter faren.
  3. Kari, født 1847. Ugift.
  4. Hans, født 1850. Gift med Marit Andersdtr Skotte frå Sel. (Faren hennar er identisk med den Anders Ulsvolden som P.Chr Asbjørnsen skriv om i "Høyfjellsbilleder". Han var soneson til Hans Hansson Bræe som tok over Ulsvolden i si tid.) Broren til Marit, fanejunker Ole Andersen, var "Justitie-Vagtmester" ved hjelpefengslet på Brævangen.
  5. Anna, født 1853. Levde ugift på Bræe.
  6. Edvard, født1858. Gift med Bina Iversdtr uppigard Bu. (Søster til Marit Iversdtr.) Gardbrukar på Ekra.
  7. Anton, født 1859. Levde ugift på Bræe.
  8. Ragnhild, født 1866. Gift med Anton Larson Bruranden frå Sel. Dei utvandra til Amerika.