Midtre Buflåten

HOHM

Framsida

Plasser under uppigard Bu 

I manntalet for 1801 finn vi desse busette på Flåten:

Husmann Jacob Jonson, 42 år            
kona Kari Erlandsdotter, 38 år
dottera Kari Jacobsdotter, 16 år. Ho vart sidan gift med Ole Olson Bergum.
dottera Ingeborg Jacobsdotter, 7 år
sonen Erland Jacobson, 2 år.
Sonen Jon Jacobson var tenestkar i uppigard Bu, og var 13 år gamal.
"Sergeant" Jon Jacobson vart i 1815 gift  med Marit Hansdotter.
Dei fekk to born:
  1. Ragnhild Jonsdotter, døypt 8. oktober 1815, og
  2. Jacob Jonson, født 30. januar 1818.

Erland Jacobson fekk 5. juni 1821 ein son (utanfor ekteskap) med Ingebjør Johannesdotter Leirholun.   Sonen vart døypt Johannes, og vart seinare den kjende "Maihaugsnikkaren".

 

Erland Jacobson Buflåten vart i 1829 gift med Imbjør Olsdotter Bondestad.  Ho hadde tidlegare vore gift med Syver Larsson søre Buflåten, men han reiste til Trysil, og ekteskapet vart oppløyst. (Sjå slekta på søre Buflåten.)
Forlovarar var Jacob Jonson Buflåten, Ola nigard Bu, Ole Johannesson Leirholun og Amund Stordalen.
Med tida fekk dei desse borna:
  1. Jacob, født 11. mai 1829. Reiste nordover til Tromsø og startet som byggmester og entreprenør der sammen med broren.

  2. Ole, født 14. desember 1833.

  3. Kari, født 26. februar 1837. Flytta til Sør-Fron saman med søstra

  4. Rannei, født 29. september 1840.

  5. Eli, født 3. august 1845, død 1. juli 1846.

Gamle Jacob Jonson Buflåten fall frå 22. oktober 1838, 83 år gamal, medan kona Kari Erlandsdotter døde 8. september 1826, 67 år gamal.

Erland Jacobson dreiv midtre Flåten til han døydde 8. april 1847, berre 48 år.
Kona Imbjør Olsdotter gifta seg opp at 14. april 1850 med Syver Larsson Moeie (Rukin), og Syver Larsson vart no husmann på midtre Buflåten.

Imbjør Olsdotter døydde 31. november 1865, 60 år gamal, medan Syver Larsson levde som fødrådsmann enno i 1875, då 65 år gamal.

 

Peder Bersvendson Bondestad, gift med Marit Jonsdotter Ulsvoldeie, var husmann på midtre Buflåten i 1865. Han var son til Bersvend Olson Bondestad og Rønnaug Pedersdotter.

Døttrene til Erland Flåten, Kari og Rannej, budde og på bruket, saman med to søner til Kari, Erland Hansson og Martinus Olson.

Peder og Marit fekk tinglyst kontrakt på plassen 23. februar 1867.
Dei fekk desse borna:
  1. Rønnaug Pedersdotter, født 1865, gift med Peder Olson Jonsgard. Dei vart husmannsfolk i øvre Tullut.
  2. Bersvend Pederson, født 1868, gift med Anne Hansdtr Svingen.
  3. John Pederson, født 1870, gift med Ragnhild Johannesdtr Haugaløkken.
  4. Anton Pederson, født 1872.

Peder og Marit budde på midtre Buflåten til etter 1900.

Sonen Bersvend, som var skiferarbeidar, budde og der då, med kona Anne og borna Petter, Hans og Anton.

 

Pål Hansson Bjørnevolden fekk husmannskontrakt på midtre Buflåten 7. april 1906. Han flytta sidan til Lesja med huslyden.

Siste husmannen på midtre Flåten, var Fredrik Sanden, gift med Marit Stanviksranden. Dei flytta frå bruket i 1922.

Etter branntakst dagsett 22. juni 1875, var desse husa på midtre Buflåten:

Søre stugu, nørdre stugu, stabbur, låve, fjøs og sauefjøs.  

Sum 190 sp.daler.

Sætra var ikkje medteken i taksta.

Av desse husa står no berre låven att. Den ser ut til å væra sett opp av gamalt tømmer, men kor den kom ifrå, er uvisst. Den har dei seinare åra vorte vølt, og er framleis i god stand.