Nørdre Buflåten

HOHM

 

Framsida

Plasser under uppigard Bu 

Johannes Olson midtre Slåen vart gift med Kari Pedersdotter Gråvåmillom 9. juni 1829. Dei var båe 25 år gamle. Forlovarar var Ole Hanson, Ole Åseng, Peder Christenson og Erich Åseng.
Dei fyrste par åra budde dei i midtre Slåen, men fekk så feste på nørdre Buflåten. Her vart det med tida nokre åkerlappar mellom steinrabbane. Men noko anna enn ein armodsplass vart det ikkje.

Dei fekk med åra desse borna:

  1. Anne, født 28. april 1830 (død 13. juni same året.)
  2. Ole, født 20. oktober 1831. Vart gift med Marit Fredriksdtr Kvernhussletten.
  3. Peder, født 1834.
  4. Ole, født 1. juni 1834
  5. Anne, født 30. oktober 1836, død 5. mars 1839.
  6. Anne, født 2. desember 1841. Vart gift med Hans Engebretson Moen frå Fron.
  7. Mari, født 4. juni 1845. Vart gift med Iver Iverson Solgjemslien.
  8. Johannes, født 13. august 1848 (død 15. oktober 1849).

Sonen Peder Johannesson fekk tinglyst husmannskontrakt 17. mai 1862. Han var gift med Kari Hansdotter søre Vangen.

Dei hadde borna:

  1. Kari, født 1863. Reiste til Amerika i 1888.
  2. Johannes, født 1867. Reiste til Amerika 1889.
  3. Ymbjør, født 1873. Vart gift med Mathias Larsson øvre Slåen. Dei flytta seinare til søre Vangen.
  4. Hanna, født 1876.
  5. Anne, født 1880.
  6. Marit, født 1884.

Etter branntakst 22. juni 1875, fanst desse husa på nørdre Buflåten:

Stugu,
stabbur,
fjøs,
låve.
Sum 110 sp.daler.

Sætra var ikkje med i branntaksta.

Peder og Kari dreiv plassen til dei flytta til nørdre Sanden i 1884. Husa vart då rivne, og noko av jorda vart lagt til midtre Flåten, medan resten vart lagt til hamnehagen i uppigard Bu.

I seinare år er eine stugu frå søre Flåten flytta til tuftene på nørdre Flåten. Ho vert nytta av Palma Resset, eine dotter til Anton Letrud.