Søre Buflåten

HOHM

Framsida

Plasser under uppigard Bu 

Som nemnt tidlegare, var det Lars Syverson nørdre Loftsgård, gift med Marit Iversdotter uppigard Bu, som fyrst slo seg ned på søre Flåten. Dei byrja rydding av bruket i 1803.

Med tida fekk dei ti born:

  1. Syver, født 1799. Han vart gift med Imbjør Olsdotter Bondestad i 1824, og fekk ei dotter, Marit (seinare gift med Jo Johannesson Solgjemslien). Men året etter, i 1825 reiste han til Trysil, og 10. oktober 1829 vart ekteskapet oppløyst. Same året vart han gift med Kersti Olsdotter Mehagen. Han kjøpte garden Hammersgård i 1840. Syver og Kersti hadde ein son, Halvor Syverson.

  2. Torø, født 1803. Vart gift med Elland Røssumslien frå Kvam. Dei fekk ei dotter, Anne, som vart gift med Knut søre Einangen, og ein son, Ola, som vart gift med Anne Olsdotter, dotter til Ola Fredrikson Bræe som dreiv nørdre delen av Bræe.

  3. Iver, født 1807. Gift med Ymbjør Olsdotter Ottekra. Iver tok over bruket etter foreldra.

  4. Mari, født 1810.

  5. Kristen, født 1812. Gift med Marit Guttormsdotter nørdre Brenna. Dei rydda plassen Linlykkja under ner-Dale. Dei fekk stor etterslekt. Mellom anna var Adolf Gundersen (Vetlrusten) av etterkomarane deira.

  6. Ola, født 1815, død 1815 (tvilling).

  7. Ola, født 1815, død 1815 (tvilling).

  8. Ola, født 1816, truleg død 1816.

  9. Ola, født 1817. Han vart gift med Anne Halvorsdtr  midtre Slåen i Ottdalen, og har etterslekt.

  10. Ragnhild, født 1821. Reiste til Nordland i 1850.

 

Iver Larsson og Ymbjør Olsdotter tok over bruket pålag 1834. Dei fekk desse borna:

  1. Marit, født 1834, gift med Ola Olson Veggumsløkken (Banken).

  2. Mari, født 20. september 1836, og heimedøypt 2. oktober av Erland midtre Flåten. Ho vart gift med Peder Olson Toløkken.

  3. Lars, født 1840, død 1877

  4. Anne, født 1842, gift med Ola Olson Fladmoen frå Nord-Fron.

  5. Kari, født 1846, gift med Jo Jonson Skalet.

Gamle Marit Iversdotter døydde 7. juli 1840.

 

Mari Iversdotter Buflåten vart i 1855 gift med Peder Olson Toløkken. Dei var tremenningar (far til Peder var frå uppigard Bu.) Dei busette seg og på søre Buflåten, og Peder tok over som husmann då verfaren fall frå i 1874, og  Ymbjør kom på fødråd.

Mari og Peder fekk fem barn, men ingen av dei vart værande på Flåten. Då dei gamle fall frå på 1890-talet, vart bruket ståande ubudd til 1906.

Soreflaten.jpg (77600 bytes)

Saufjøset og smiu på søre Buflåten

Petter K. Skurengslien, gift med Marit Jonsdotter søre Einangen, fekk tinglyst husmannskontrakt på søre Buflåten 29. juli 1906. Dei dreiv plassen til dei kjøpte nørdre Endrestad i 1916.

Etter ei branntakst dagsett 22. juni 1875, var det desse husa på søre Flåten:

Nørdre stugu med bakstugu, søre stugu, stabbur med loft, sauefjøs med trev, stall med trev, låve, fjøs, steinfjøs med trev, smie.

Sum 250 sp.daler.

Setra var ikkje med i branntaksta.