Eide

Aud Sandbu

Framsida

Nordre Eide | Søre Eide

 

I manntalet frå 1660-åra står Eide oppført som øydegard, og svara skatt av 3 skinn. Garden var krongods, og oppsitjarar var ei ikkje namngjeven enke og sonen Sigverd Suensøn, 20 år gamal.

Frå eit skifte på Mæhlum dagsett 20. oktober 1663, etter Marit Dagdotter som var død, er bl.a. Kari Eide med sonen Erik Svendsen oppført som arvingar.

Saman med andre opplysningar som framgår av skiftet, fortel dette at den avlidne brukaren på Eide var Svend Syversen, eldste son til Marit Dagdotter Mæhlum og første mannen hennar, Syver Svendsen.

Svend Syversen og Kari på Eide hadde i hvert fall sønene Syver som står oppført i manntalet, og Erik som var med under skiftet på Mæhlum.

Så veit ein ikkje meir om korkje garden eller folket dei neste 60 åra, før ein får høyre om ein Peder Syversen Eide som den 20. september 1721 fekk tinglese at han hadde lånt 120 riksdalar av Rønnoug Olsdotter Veikle, mot pant i sin "ejende og paaboende Gaard Eide skylder med Bøxel og Landskyld 2 Skinn".

 

I 1740 kom Peder Syversen Eide på tinget att, og denne gongen la han fram bevis på at han hadde overteke bygsel på Findtorp sæter på Mysusæter etter Syver Guttormsen Kleivrud.

Same året lånte Peder Syversen Eide 700 riksdalar av Ole Iversen Veikle. To år seinare vart dei to samde om at garden skulle seljast dersom Peder ikkje kunne betale gjelda si innan 14. april. Kreditoren kalla seg nå Ole Kolloen, og gjelda var minka ørlite til 643 riksdalar.

Lånet vart for tungt å nedbetale for Peder Syversen Eide. I 1744 gjekk han til Christen Pram og ba om å få ta i bruk rydningsplassen Varphaugen i almenninga. Christen Pram utstedde bygselseddel til Peder, mot at han skulle betale ein årleg skatt på 2 riksdalar. Bygselseddelen datert 26/6-1744.

Truleg var det Ole Amundsen Masseng som i 1744 hadde kjøpt garden av Peder, for i eit skjøte datert 22/9-1747 går det fram at seljaren denne gongen var nettopp Ole Amundsen Masseng. Eide skatta nå av 6 skinn med bygsel, salgssummen var 660 riksdalar, og gardkjøparen heitte Johannes Hansen Vik.

Johannes var ein av fire søner etter Hans Olsen Vik og kona Anne Fredriksdotter frå Teige, gardfolk på Vik i Kvam. Da far hans fall frå i 1741, arva Johannes ein brorlott på 100 rd i Vik, og ein brorlott på 15 rd 3 ort og 4 ½ skilling i garden Skjelseng som faren også eigde. Saman med eit lån på 500 riksdalar hjå Ole Moe i Vågå, finansierte han gardskjøpet.

Johannes vart omlag på denne tida gift med Anne, dotter til Fredrik Olsen Sønstebø og kona Kari Olsdotter frå Leine, gardfolk på Sønstebø, helst kalla Stormorka av bygdafolk i Kvam.

Johannes og Anne busette seg på Eide, og hadde drive garden ein 15 års tid da dei fekk tilbud om å kjøpe Sønstebø, farsgarden til Anne, av Amund Eriksen Klomstad som var gift med Anne si syster Kari Fredriksdotter. Uvisst av kva slags grunn hadde far deira, Fredrik Olsen Sønstebø, skjøta garden over på Amund og Kari i 1753, enda han hadde ein son med odelsrett.

Ved skjøte datert 23/2-1762 vart såleis Johannes og Anne eigarar av Sønstebø, og flytta dit. Men Johannes var framsynt nok til å tenkja at bror til Anne kunne koma til å krevja garden ved odelsløysing. For å sleppe og sitja med to gardar, bestemte han seg for å selja Eide med den klausulen at han skulle ha rett til å kjøpe att halve garden innan 5 år dersom han skulle få bruk for det.

Eide, 6 skinn, vart deretter seld med denne klausulen av Johannes Hansen Sønstebø til Engebreth Johannesen Sandbuvangen for 850 riksdalar ved skjøte datert 14/4-1762.

Før fem år var gått, laut Engebreth Johannesen Eide selja 3 skinn i Eide til Johannes Hansen Stormorken for 425 riksdalar. Kverna i Mæhlumsåa følgde også med. Skjøte datert 3/6-1766.

Dermed vart Eide delt i to gardpartar; nordre og søre.