Lillerusten/Vetlrusten

Aud Sandbu

Framsida

 

Garden er rydda på 1680-talet i bygdeallmenninga som den gongen også omfatta eit område heilt ned til elva mellom gardane Sandbu og Rusten på vestsida av Laugen.

 

Rydningsmannen heitte Peder Thommesen.  Opphavet er ukjent, men det er truleg han vi finn som tenestekar på Sandbu i manntalet frå 1660-åra.

 

Før Peder tok til med nyryddinga si, gjekk han til kvar av gardbrukarane som hadde rettigheitar i bygdeallmenninga, og spurde om han fekk lov til dette.  Dei svara at sidan dei ikkje eigde området sjølve, kunne dei korkje nekte, eller gje han tillatelse.  Dei tykte likevel at gardbrukaren i Rusten kunne få siste ordet sidan han vart næraste grannen til rydningsbruket.

 

Ole Rusten hadde ikkje noko imot at Peder rydda seg gard ved sida av han.  Han stilte endatil fjoset sitt til disposisjon for Peder sine kyr i tre år medan Peder dreiv med rydningsarbeidet.  Sidan kunne Peder betale attende i form av arbeidshjelp.

 

Med det nære samarbeidet mellom desse to, er det lett å tenkja seg at bygdefolket heimfesta Peder også til Rusten, og seinare vart gardane kalla Storrusten og Vetlrusten etter storleiken, for å skilja dei.

 

Peder Lillerusten var "jordherre" i fleire år utan at nokon kravde korkje husmannsplikt, bygselpengar, eller skattar og avgiftar av han.  Men så fall det seg slik at grannen, Ole Storrusten, meinte seg i stand til å kjøpe garden sin, og for å låne pengar til gardskjøpet gjekk han til Peder Veikle som den gongen eigde Sandbu.

 

Under samtalen med Ole Storrusten fekk Peder Veikle høyre om rydningsbruket.  Han meinte tydelegvis at Lillerusten var rydda i eit område som høyrde til Sandbu, og kravde at Peder i Lillerusten heretter skulle svara husmannsplikt til han.  

 

Dette kom etter kvart kongens menn for øyra.  I 1709 vart Peder Veikle innstevna av fogden Christoffer Bruun til å møte på Lillerusten den 10. september, der lagretten skulle føre vitne på om det var rett av Peder Veikle å krevja husmannsplikt av rydningsmannen.  Lagrettsmennene var Ole Skjelle, Halvor Ulvolden, John Veggum, Syver Åsåren, Knut Dahle, Mikkel Loftsgård, Hans Kongsparten og Peder Einangen.

 

Retten slutta at plassen Lillerusten tilhøyrde kongen, og at brukaren skulle svare bygsel, landskyld og skatt for 1 skinn.  Dermed vart Lillerusten eit bygselbruk med eiga matrikkelnummer.

 

Året etter, den 31. desember 1710, utsteda fogden Bruun ein bevillingsseddel på ei seter kalla Rustseteren, til Peder Pedersen Lillerusten.  Bygselsretten til Lillerusten hadde altså skifta eigar.  Peder Pedersen kan ha vore son til Peder Tommesen utan at dette er dokumentert.

 

Under ein auksjon på garden Elstad i Ringebu den 3. august 1726, over krongods og kavaleriregimentenes og offiserene ved infanteriets assignerte jordegods, vart Lillerusten, skyld 1 skinn med bygsel, kjøpt av Ole Olsen Slette i Heidalen for 70 riksdaler kurant.  Kongens skjøte datert 21. januar 1727.

 

Ved skjøte datert 27. juni 1733 vart Lillerusten seld for 90 riksdalar av Ole Olsen Slette til Ole Guttormsen Sandbu.  Kjøparen var den siste av leilendingsslekta som hadde brukt Sandbu i fleire generasjonar.  Han måtte gje frå seg gardsbruket da Tosten Olsen Slette, son til Ole O. Slette, hadde arva Sandbu av far sin og ville bruke garden sjølv.

 

Tre år seinare selde Ole Guttormsen Sandbu plassen Lillerusten skyld 1 skinn, til Peder Pedersen for 90 riksdalar.  Skjøte datert Sandbu, 3. mars og tinglese på Tolstad 29. juni 1736. 

 

Same dag vart det tinglese at Peder Lillerusten hadde lånt 70 rd av Østen Forbrigd "til min gaardeplads Lillerustens Indløsning".  I 1743 lånte Peder Pedersen Lillerusten 93 rd av Ole Iversen Veikle, og i 1747 lånte han 40 rd av Johannes Iversen Skåden i Sødorp. 

 

Tydelegvis sleit Peder Lillerusten med å nedbetale gjelda si, for same året skjøta han bygselsretten til ei engeløkke til ein Peder Olsen for 30 rd.  Løkka låg ovanfor jordet som låg nedved elva, mot hafella mellom Lillerusten og Sandbu, og med i handelen følgde ein vassbrunn synnafor løkka, og sæter på Slåsætrene.  Dette må vera det bruket ein i dag kjenner som Resløkken.   

 

Peder Lillerusten og Peder Resløkken skulle heretter stå ansvarlege for halvparten kvar av dei skatter og avgifter som Lillerusten måtte betale.  Sjølv om Lillerusten hermed er delt opp i to gardpartar, ser det ut til at dei er handsama som ei driftseining i fleire tiår framover.

 

I 1765 lånte Peder Pedersen Lillerusten 100 rd av Engebreth Halvorsen Sundet i Fron, mot pant i Lillerusten skyld 1 skinn.  Lånet kan vera i samband med eit generasjonsskifte der Lillerusten er overdregen fra far til son, men dette er ikkje dokumentert.

 

Den siste Peder Pedersen var gift med ei Marit Olsdotter.  Dei var barnlause.  Da dei ikkje makta meir med gardsdrifta, selde dei Lillerusten til ungkaren Jacob Johannesen Eide for 140 rd og føderåd.  Skjøte og føderådskontrakt datert 16. april 1776.

 

Denne handelen må ha blitt omgjort etter kort tid, for året etter selde Peder Pedersen Lillerusten garden sin Lillerusten 1 skinn til prokurator Hans Gotfred Hansen og Anders Lysgård, lensmann i Ringsaker, for 199 rd og føderåd.  Skjøte datert 13. september 1777.  Det går fram av kontrakta at handelen også omfatta Resløkken.

 

Prokurator Hansen og lensmann Lysgård selde i 1782 Lillerusten og Resløkken samla, skyld ½ skinn kvar, til saman 1 skinn, til Hans Østensen Forbrigd for 300 riksdalar og føderåd til dei gamle både i Resløkken og i Lillerusten.  Skjøte datert Ringsaker, 12. april 1782.

 

To år seinare selde Hans Østensen som nå heimfesta seg til Sveen, plassen Lillerusten skyld ½ skinn, til Iver Knutsen Bilben for 140 riksdalar.  Skjøte datert Sandbu, 3. september 1784.

 

Iver Knutsen f. 1754 hadde gifta seg i 1783 med Gunhild Paulsdotter f. 1745, dotter til Paul Svendsen Loftsgård og kona Rønnaug Pederdotter frå Uppigard Bu.

 

I 1801 finn vi Iver og Gunhild i Lillerusten.  Ekteskapet var barnlaust, men Gunhild hadde frå før sonen Paul Christensen f. 1774, som ho fekk utanfor ekteskap med Christen Olsen Kleivrud.

Iver Knutsen fall frå i 1827.  Han var da enkemann.  Dødsdatoen til Gunhild er ikkje ført i kyrkjeboka.  

 

Paul Christensen Lillerusten vart sjølv far til eit barn utanfor ekteskap med Marit Isaksdotter Rustom f.ca. 1779, dotter til Isak Isaksen frå Havn og kona Anne Engebrethsdotter frå Eide, plassfolk i Rustom synnafor Sjoa.

 

1.  Gunhild f. 1804 - gift 1825 med lærar Hans Hansen Pillarviken (1798-1863).  Hans og Gunhild budde i Stanviken da dei fekk dottera Marit f. 1826.  Deretter fløtte dei til Øybrekka mellom Sjoa og Kvam, der Gunhild døydde i barselseng i 1829 etter å ha satt til verda ein daufødt gut.

 

Paul Christensen fekk skjøte på Lillerusten av Iver Knutsen i 1809 for 200 riksdalar og føderåd til støfaren og mora.  For å få betalt støfaren, lånte Paul Christensen 202 riksbankdalar av Hans Gotfred Hansen på Sandbu, mot 1. prioritets pant i Lillerusten.  Panteobligasjonen datert 27. desember 1813.

 

Eit halvår seinare lånte Paul Christensen Lillerusten ytterlegare 300 riksbankdalar av Hans Gotfred Hansen, mot 2. prioritets pant i garden sin.  Denne panteobligasjonen er dagsett 28. juli 1814.

 

Same året gifta Paul seg med Kari Syversdotter f. 1792, dotter til Syver Olsen frå Blekastad og kona Berit Syversdotter, gardfolk på Einangen i 1801.

 

Ein kjenner til berre to døtre etter Paul og Kari:

 

2.  Rønnaug f. 1815 - gift 1841 med korporal Ole Eriksen f. 1817, son til Erik Bersveinsen frå Hjellum og kona Kari Jacobsdotter frå Brævangen, plassfolk i Nestuehaugen under Mæhlum.

Rønnaug og Ole budde hjå foreldra hans i Nestuehaugen i vel ti år, og fekk da fire barn.  Etter det er livslagnaden deira ukjent.

 

                        3.  Gunhild f. 1817 - ukjent lagnad.

 

For Paul Christensen gjekk det dårleg økonomisk.  Han klarte ikkje å innfri gjelda si til Hans Gotfred Hansen og laut skjøta garden over på han.  Skjøte datert Uleberg, 16. februar 1818.  Salgstaksten vart sett til 400 speciedalar, og med dette vart både den eine og den andre panteobligasjonen sletta. 

 

Seinare same året inngjekk Hans Gotfred Hansen ei kontrakt med Paul Christensen om at sistnemnde skulle få forpakta Lillerusten så lenge støfaren Iver Knutsen som hadde føderåd av garden, levde.

 

Dødsfallet til Paul Christensen Lillerusten er ikkje ført i kyrkjeboka, men han må vera avliden ei tid før 1824, for det året fekk enka Kari Syversdotter Lillerusten ei dotter utanfor ekteskap med ungkaren Hans Pedersen Klomstadenget:

 

4.  Anne f. 1824 - budde i Lillerusten.

 

Eigaren av Lillerusten, Hans Gotfred Hansen på Gammel-Sandbu, fall frå i 1825.  Under skifteoppgjøret etter han vart Lillerusten seld på auksjon, der Ole Syversen Einangen fekk tilslaget.

 

Ole Syversen Einangen f. 1791, var bror til Kari Syversdotter som sat som enke i Lillerusten.  Han selde garden vidare til Engebreth Pedersen Vangen for 290 speciedalar og føderåd som skulle gjerast gjeldande frå gamle Iver Knutsens dødsdag.  Skjøte og føderådskontrakt datert 23. november 1826.

 

Engebreth Pedersen f.ca. 1792 var son til Peder Syversen Vangen og kona Ingeborg Engebrethsdotter frå søre Eide, gardfolk i søre Vangen. 

 

Han gifta seg i 1825 med Synne Olsdotter f. 1801, dotter til Ole Amundsen Nigard Bu og kona Kari Iversdotter frå Uppigard Bu, gardfolk i Nigard Bu.

 

Engebreth og Synne fekk sju barn:

 

1.  Ole d.e. f. 1827 - gift 1859 med Ragnhild Syversdotter Skreden f. 1834, dotter til Syver Andersen Kleivrud og kona Anne Olsdotter frå Blekastad.

Ole og Ragnhild budde nokre år på Sandbuvangen, der vi finn dei i 1865 med fire barn.  Etter den tid er dei reist frå bygda.

 

2.  Peder f. 1829 - Innflytta til Hestmanden, Lurøy i Nordland, medbragt attest frå Gallschjødt datert 13/3-1850.  Peder budde i 1865 på garden Jektvik i Lurøy, og var da gift med Maren Mortensdotter f. 1827 i Tjøtta.  Dei hadde to døtre; Ida 4 år og Petra 2 år gamal i 1865.

 

                        3.  Amund f. 1831 - ukjent lagnad.

 

4.  Kari f. 1835 - kan vera ho som vart gift med Kornelius Eitran f. 1820 i Lurøy.  Vi finn desse to i 1865 på garden Hestmoen i Lurøy prestegjeld, Nordland.

 

                        5.  Mari f. 1837 - ukjent lagnad.

 

                        6.  Anne f. 1840 - død 1840

 

                        7.  Ole d.y. f. 1842 - ukjent lagnad.

 

I 1828 hadde Engebreth Pedersen lånt 356 speciedalar av jomfru Lovise Hansen, dotter til prokurator Hansen på Gammel-Sandbu.  Etter fleire utleggsforretningar laut Engebreth Pedersen gå med på at Lillerusten vart lagt ut til "offentlig Auction paa Debitors Gevinst eller Forliis".  I praksis var det ektemannen til Lovise Sandbu, Hans Hansen frå Tolstad, som på vegne av kona la fram denne begjæringa.

 

Auksjonen vart halden på Lillerusten for 3. gong den 5. desember 1840 etter at høgste budet forrige gongen ikkje var kome høgare enn 60 speciedalar, bydd av Hans Tolstad eller Sandbu.  Ingen baud over han i den tredje runden, og dermed vart han eigar av Lillerusten med dei heftelsar som kvilte på eigedommen.

 

Etter auksjonen fekk Engebreth Pedersen og kona Synne Olsdotter husmannskontrakt på Lillerusten av Hans H. Sandbu, og budde der i hvert fall til yngste sonen var konfirmert i 1856.  Etter det har tydelegvis heile familien reist ut av bygda.  Truleg tok dei vegen nordover.

 

- o -

 

Med føderådskontrakta i Lillerusten sikra Ole Syversen Einangen syster si eit rimeleg godt utkome, og framfor alt eit trygt husvære for resten av levetida.  Kari levde enda i 1865, og vi finn ho i Lillerusten der svigersonen nå var eigar og brukar.  Kari fall frå i 1870.

 

Dottera Anne f. 1824 fekk først ein son Kristian f. 1848 med Lars Johnsen Åmodt.  Deretter vart ho gift 1856 med Fredrik Amundsen f. 1829, son til Amund Pedersen Resløkken og kona Kari Hansdotter frå Viken i Sødorp, gardfolk i Resløkken.

 

Vi finn Anne og Fredrik med to barn i Lillerusten i 1865.  Fredrik var sjølveigar, og dei hadde 8 storfe og 25 sauer, sådde både rug, bygg og blanda korn, og sette 1 ½ tynne poteter.  Anne fall frå i 1899, medan Fredrik levde til 1910.  Dei to barna var:

 

1.  Amund f. 1856 - vidare ukjent.

 

2.  Kari f. 1862 - overtok i Lillerusten.

 

 

Kari vart gift med Gunder Christensen f. 1850, son til Christen Larsen frå Buflåten og kona Marit Guttormsdotter frå Brenna under Breden, plassfolk i Linløkken under Ner-Dahle.

Gunder var enkemann då han gifta seg med Kari, og hadde med seg fire mindreårige, morlause barn då han fløtte til Lillerusten; Kristen f. 1881, Ole f. 1883, Marit f. 1885 og Sigurd f. 1888.

 

Kari og Gunder fekk to barn saman:

 

                        1.  Adolf f. 1899 - overtok i Lillerusten.

 

2.  Ragnhild f. 1905 - gift med Kristian Johansen Slåen f. 1900, son til Johan Knutsen Resset og   kona Marit Olsdtr. Mæhlumsløkken, seinare gardfolk i nedre Slåen på Sjoa.

Kristian arbeidde ved jernbana, og han og Ragnhild budde ei tid i voktarbustaden nedanfor Lillerusten.  Seinare fløtte dei opp på garden til broren Adolf.  Kristian fall frå i 1980, og Ragnhild i 1982.  To barn.

 

Adolf overtok Lillerusten etter mora i 1937.  Han gifta seg aldri, men hadde systera og familien hennar på garden, og fekk nok god hjelp av dei i gardsdrifta.  Dyrehaldet var mangfaldig, til dømes var det i 1953 ein hest, 4 kyr, eit ungdyr, ein gris, 13 geiter, 5 sauer og 15 høner i Lillerusten.

 

Forutan gardsdrifta hadde Adolf fleire kommunale tillitsverv.  Han var oppteken av både dei nære ting i lokalmiljøet og dei større hendingane elles i samfunnet.  Han skreiv seg for Adolf Gundersen, og mange er dei småstubbane og interessante artiklane som finst etter han i årbøkene for Gudbrandsdalen.  Dessutan var han ein habil fotograf, og fekk etter kvart ei særs verdifull fotosamling av folk og hendingar i heimbygda.  Adolf Gundersen fall frå i 1984.

 

Det meste av dyrehaldet og gardsdrifta i Lillerusten vart avvikla då Adolf i 1979 førte garden over på systersonen Jogeir Slåen.  Han budde med familien sin i eit hus like sør for Lillerusten, og sto som eigar av garden til han sjølv fall frå i 1992.  Etter den tid har yngste dottera som saman med ektemannen sette seg opp nytt bustadhus på garden, stått som eigar av Lillerusten.

 

 

Vetlruste idag