Jehans Fiskelykkjun

 

Utdrag frå ein artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1951, side 86.

Attende 

 

            Han låg ute i krig med svenskom i fem år.  Arbeidet hans var å køyre provianten.  Ein gong vart det slag, og vegen var etter ein trong geile.  Der kom svenskane stormande fram.  Det måtte vera ein uvettug offiser som sende folket sitt fram der.  Norskane vende ei kanone mot geilen og fyra på med lekkjekuler, og han Jehans såg korleis det opna seg glugg for glugg i den blå rekkja.  Det stupte mange gossar der.  Men av norske fall berre han Aksle Feten frå Kvam i sjølve slaget.  Då rauk det mange fleir for sott og sjukdom etterpå.

            Då han Jehans kom heim att, grodde kjørr og ugras innpå stuguveggen i Fiskelykkjun.  Han tok til å grev-brjote åker i harde tak om dagen, og om kvelden og natta fiska han.  Fisken bytte han bort i anna matvare.

            Ein dag han dreiv og grevbraut, stogga det ein framand kar nedi kongsvegen og ropte opp til han.  Kom hit, du fillete karl!  Her skal du få tre dalar til kleder, sa den framande.  Å kleda er låke, svara han Jehans, men det er låkare i matvegen enn i klevegen!  Då han hadde gjort frå seg våronna, la han i skreppa og ville nedi Romsdalen og kjøpe ei halv tunne korn.  Han kvilde på Lesja.  Der på garden venta dei mannen heimatt, og han kom på lite grann.  Av honom fekk han Jehans kjøpt ei halv korntunne, og dermed rugga han heimatt.  Då var han glad. 

            Han Jehans slokna i 1864.