Mæhlumsløkken
 eller
Fiskeløkken

Aud Sandbu

 

Framsida

 

Husmannsplassane under Mæhlum låg alle på austsida av Laugen, på rekkje og rad nede i dalbotnen. Mæhlumslykkja låg lengst nord, som nærmaste nabo til Åstelykkja under Bræe. 

 

På folkemunne er Mæhlumslykkja også kalla Fiskelykkja, eit namn som folket der aldri tykte noko om. Det var ein kar på Brævangen som i avundsjuke sette dette namnet på plassbruket etter at ein av husmennene der dreiv det godt innan fiske som attåtnæring. Etter den tid var namnet Fiskelykkja fastgrodd i bygdamålet, men

det rette namnet har alltid vore, og er Mæhlumslykkja, eller Mæhlumsløkken i skrifts form. 

 

I sjeleregisteret til Vågå-presten i 1736 finn ein oppført to husmannsbarn under Mæhlum; Hans Hansen 10 år og Marit Hansdotter 8 år gamle. Desse to må utvilsamt ha vakse opp i Fiskelykkja, og gjev grunnlag for å tru at plassen vart rydda i hvert fall tidleg på 1700-talet, eller kanskje alt seint på 1600-talet.

 

Mest sannsynleg vart denne husmannssonen Hans Hansen (f. ca. 1726) neste brukar i Fiskelykkja, og med tida far til Mari Hansdotter f. ca. 1754, som vi finn som plasskone der i 1801.

 

I bygdabok for Lesja, band 2, side 592 under Systugu Tynnøl, står det nemnt at ein Johannes Hansen frå Mæhlum i Sel kjøpte garden i 1781. Han var født om lag 1746, og hadde gifta seg i 1776 med Kari Jørgensdotter frå Haugen på Dovre. Dei budde på Krokstad under Vigerust da dei fekk dottera Marit i 1777, men var alt komne til Systugu Tynnøl da sonen Jørgen kom til i 1779.

Dei fekk elles barna Hans f. 1782, Brit f. 1785 og Ole f. 1789.

I 1815 ga Johannes og Kari frå seg garden til sonen Jørgen, og året etter skifta dei i live med barna. 

 

Ein kan undrast på om denne Johannes Hansen faktisk var bror til Mari Hansdotter i Fiskelykkja.  Mykje kan tyde på det.  

 

Mari Hansdotter gifta seg 1786 i Sel med ein Ole Johannesen.  Kausjonistar var Hans Bræe og Amund Bu. 

 

Ole Johannesen f. ca. 1760 er ikkje lett å heimfeste, men det er grunnlag for å tru at han var son til Johannes Christensen Espelund frå Heidal og kona Anne Olsdtr.

frå Nigard Bu.  Dei var ei tid brukarar på Søre Haugen lenger sør i Bræbygda.

 

Ole og Mari fekk desse barna:

 

1.      Johannes f. 1786 – overtok i Fiskelykkja

 

2.      Anne f. 1789 – fekk utanfor ekteskap med John Olsen Øybrekka sonen Ole døypt 1820 i Kvam. Ole vart konfirmert frå Løkken (Fiskelykkja), og heimfesta til Resset da han sjølv fekk ein son utanfor ekteskap med Marit Syversdtr. Ljosmyren.  I 1865 budde Ole og Marit med sonen Simen f. 1863, som losjerande hjå Kari Engebrethsdtr. i Nystugu i Kvam. Marit Syversdotter står da oppført som trulova med Ole Johnsen. Ein har likevel ikkje funne at desse to vart gift med kvarandre.

 

Anne gifta seg i 1828 med Engebreth Iversen f. 1807, son til Iver Engebrethsen og kona Mari Østensdotter, plassfolk i Kleiven under Skoe, Sødorp i Nord-Fron.

Ein noko uvanleg aldersforskjell mellom dette parfolket; Engebreth var 21 år og Anne 38 år gamle vert det opplyst ved giftarmålet.  Dei budde hjå hans foreldre i Kleiven da dei døypte dottera Mari i romjula 1829.  Ho ser ut til å ha vore einaste barnet desse to fekk saman, men ein veit ikkje meir om familien før Mari vart konfirmert frå midtre Resset i 1844.  Truleg er det mor hennar som vart gravlagt frå Resset i 1859 som inderstar Anne Olsdotter, 74 år gamal.   

Mari vart gift i 1851 med Knut Amundsen f. 1825, son til Amund Knutsen Holsroven og kona Ingjerd Jacobsdtr. frå Hardenget.  Dei var plassfolk i Lien under Harildstad (Kvikne i Nord-Fron) i nokre år, reiste deretter til Kristiansund, men kom attende til Nord-Fron og fekk husmannskontrakt på Bottenstugu i Kvam.

Mari og Knut vart plassfolk i midtre Resset der vi finn dei i folketeljinga frå både 1865, 1875 og 1900.  Dei fekk 9 barn:  Anne, Amund, Hans, Ole, Iver, Ingeborg, Johan, Kristian og Ole. 

 

3.      Anne f. ca. 1792 – det har vore uråd å skilja Anne d.e. og Anne d.y. frå kvarandre. Det kan difor ha vore at den eine var mor til Ole f. 1820, og den andre mor til Mari f. 1829.  Ettersom både Ole og Mari var heimfesta til Resset, er det mest sannsynlig at dei hadde same mor. 

Kvar den andre Anne tok vegen, er uvisst.

 

4.      Hans f. ca. 1794 – gift 1820 med Kari Christoffersdtr. Bekkeneige f. 1788 i Sel, ”uægte” dotter til ei Anne Olsdtr. og ein gevorben Christoffer Johannesen frå Fron.

Hans og Kari rydda søre Næplykkja og budde der heile levetida.  Fire barn. 

 

5.      Marit f. ca. 1797 – gift 1824 med Erland Olsen f. ca. 1798, son til Ole Olsen og kona Marit Erlandsdotter, plassfolk i Rønningen under Åmodt på Sjoa.

Erland fekk først ein son med Marit før dei var gifte, deretter ein son med ei anna kvinne, og etterpå gifta han seg med Marit. Dei slo seg til som plassfolk i Randa under Stanviken og fekk fem barn til.  Marit fall frå i 1873, og hadde da vore enke sidan før 1865.  Stor etterslekt.   

 

6.      Iver f. 1799 – konfirmert i 1818, vidare ukjent.

 

7.      Christen f. 1801 – gift 1828 med Brit Larsdtr. f. 1800, dotter til Lars Hansen Ulvolden og kona Marit Syversdtr. Formohagen, plassfolk i Kolbotn under Skjenna i Sel.

      Christen og Brit fekk husmannskontrakt på søre Skurengslia under Røssumgardane i Kvam. Ein har ikkje funne fleire enn tre barn etter dei; Mari f. 1829, Ole 1833-1834 og Marit f. 1835.

       Dottera Mari gifta seg i 1850 med Peder Olsen Bakken f. 1828, son til Ole Jacobsen Bjørkerusten og kona Torø Johannesdtr. Einangen. Dei brukte søre Einangen nokre år på 1820-talet før dei fløtte til Slåen på Sjoa, og deretter til Øybrekkbakken eller Nordre Bakka mellom Sjoa og Kvam.

       Mari og ektemannen Peder overtok etter foreldra hennar, og fekk 10 barn.  Ikkje alle voks opp, men det er likevel ei stor slekt etter dei. 

       Christen og Brit budde i søre Skurengslia levetida ut.  Han fall frå i 1882, og hadde da vore enkemann sidan 1876.

 

I Fiskelykkja levde mor Mari Hansdotter til ho vart 84 år gamal ifølgje kyrkjeboka.  Ho fall frå i 1837, og må da ha vore enke i minst 20 år, for da sonen Iver vart konfirmert i 1818 får vi opplyst at faren var avliden.  Dødsfallet til Ole Johannesen er ikkje funne i dei lokale kyrkjebøkene.

 

Sonen Johannes tok over i Fiskelykkja etter at han visstnok skulle ha vore ute i krigen mot svenskane.  Det hadde da vore dårleg stelt på plassbruket ei tid, slik at han måtte i gang og rydde jordvegen for ugras og kratt før det var råd å så i korn att.  Og for å livberga seg medan han dreiv med dette, byrja Johannes å fiske om kvelden og natta, og bytte fisken i andre varer.  Han er meir omtalt i ein artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1951, side 86

 

I 1819 gifta Johannes seg med Anne Bersveinsdotter f. 1794, dotter til Bersvein Olsen Hjellum og kona Randi Eriksdotter frå Stanviken.

 

Johannes og Anne fekk fem barn:

 

1.      Mari f. 1820 – gift 1847 med Isak Isaksen f. 1807, son til Isak Isaksen Rustom og kona Gunhild Jacobsdotter frå Slåstugun, plassbrukarar på Rustom i almenninga synnafor Sjoa.

Vi finn Mari og Isak både i 1865 og i 1875 som plassfolk i Vassrustlykkja.  Isak var bødker i tillegg til husmann med jord.  Han fall frå i 1898.  Mari overlevde mannen sin, men dødsfallet hennar er ikkje funne.  Ein kjenner til seks barn etter dei; Marit d.e., Isak, Anne, Ole, Marit d.y. og Jacob.

 

2.      Ole f. 1822 – overtok i Fiskelykkja.

 

3.      Hans f. 1825 – fekk ei dotter Anne f. 1849 utanfor ekteskap med Tora Olsdtr. Blekastad f. 1828, dotter til Ole Pedersen Blekastad og kona Ragnhild Christensdtr. frå Mæhlumsvangen. 

      Hans vart gift i 1865 med Kari Torsdotter Næprud f. 1829, dotter til Tor Paulsen frå Gravå og kona Kari Hansdtr. som var født i øvre Næprud.

      Hans og Kari budde som plassfolk i Øvre Tullut levetida ut.  Hans fall frå i 1897 og Kari i 1905.  Dei hadde ikkje barn saman.

 

4.      Ragnhild f. 1831 – gift 1859 i Sør-Fron med Arne Hansen f. 1824, son til Hans Arnesen Odenrudstranden og kona Mari Olsdtr. frå Fjeldsrud, plassfolk på Dalsegvolden i Sør-Fron. 

Arne var vegarbeidar, og det blir sagt at han og Ragnhild budde ei tid utanbygds før dei kom attende og slo seg ned i heimbygda hennar. I 1865 finn vi dei som losjerande i Fiskelykkja.  Ti år seinare var dei plassfolk i søre Resset der dei budde resten av levetida.

Arne og Ragnhild hadde berre to døtre:

1) Maria f. 19/3-1860.  Ho vart over 100 år gamal.  I samband med 100-årsdagen hennar vart det skrive ein artikkel som står i Årbok for Gudbrandsdalen 1960, side 177, der Maria sjøl fortel frå eit strevsamt, men spennande liv. Ho leigde seg husvære i ei stugu på Gammel-Sandbu i 1939, og budde der til ho kom på aldersheimen på Veikle i Kvam. Da det vart født ei jente på Gammel-Sandbu i 1953, kom Maria på besøk for å sjå på den nyfødte.  ”Eg har nå aldri vore gift eg da, men eg har født to ungar eg òg”, sa ho med ein frilynt latter.  

2) Anne f. 16/2-1870 – gift 1889 med Peder Syversen Sæteren f. 1866 i Heidal.  Anne og Peder budde i Sæteren i Nedre Heidal, og hadde to søner; Syver og Anton.

 

5.      Marit f. 1835 – gift 1863 i Sør-Fron med Ole Olsen f. 1835, son til Ole Olsen Bakken og kona Kari Davidsdtr. frå Skurdalshaugen, plassfolk på Bakken i Langlia i Sør-Fron.

Ole og Marit budde nokre år i Fiskelykkja hjå foreldra hennar før dei vart inderstar hjå mor hans på Bakken i Sør-Fron.  Seinare kom dei til Troa under Tofte i Sør-Fron, der vi finn familien som plassfolk i 1900.  Marit og Ole budde på Troa levetida ut.  Ho fall frå i 1924, og han i 1927.

Sju barn: Ole, Anne, John, Hans, Kari, Hanna og Lars.

 

Det er utruleg nok gamle Johannes Olsen og kona Anne Bersveinsdotter som framleis står som rette plassbrukarar i Fiskelykkja i 1865. Rett nok brukte sonen Ole plassen saman med faren, og på denne tida hadde dei 3 kyr og 10 sauer, sådde ½ tynne bygg og ¼ tynne blandkorn, og sette 3 tynner med poteter. 

 

Under denne tellinga budde det ikkje mindre enn fire huslydar i Fiskelykkja. Forutan dei gamle, og sonen Ole med kone og fem ungar, budde altså døtrene Ragnhild og Marit med sine familiar heime. 

 

Anne Bersveinsdotter fall frå i 1875 og Johannes Olsen i 1876. 

 

Før den tid hadde sonen Ole Johannesen overteke husmannskontrakta i Fiskelykkja. Han gifta seg i 1848 med Marit Olsdotter f. 1823, dotter til Ole Pedersen frå Rudi nordpå Sel og kona Anne Halvorsdotter frå Volden under Formo.  Dei var plassfolk i Ulen under Formo.

 

Ole Johannesen og Marit Olsdotter hadde åtte barn:

 

1.      Johannes f. 1847 – overtok i Fiskelykkja.

 

2.      Anne f. 1849 – fekk med Ole Pedersen Mæhlum f. 1831 ei dotter Kari f. 1871.  Ho voks opp hjå faren på Mæhlum, og gifta seg i 1898 med Jacob Johannesen Stampen f. 1872, son til Johannes Jacobsen Stampen og kona Ingrid Tostensdotter frå Romundgard. 

Jacob Stampen var ein evnerik mann som er omtalt i ein artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1976, side 119.

 

Kari Stampen

 

       Jacob og Kari med dottera Ingrid f. 1901 emigrerte til Amerika i 1902, men kom attende etter eit par år. Dei hadde i mellomtida fått ei dotter til, Mari f. 1903.  Jacob reiste over til Amerika att i 1904, og to år seinare reiste Kari etter med døtrene Ingrid og Mari. Seinare auka familien med sonen Ola f. 1909.

 

Anne vart i 1880 gift med Hans Iversen Solhjemslien f. 1846, son til Iver Syversen frå Kleivrud og kona Rønnaug Eriksdotter frå Tho, sjølveigande brukarar i Solhjemslien.

I ekteskapet med Hans Iversen fekk Anne barna Maria f. 1879, Ivar f. 1881, Oline f. 1883, Ola f. 1886 og Anna f. 1889, og døydde deretter i barsel i 1892. Dottera Maria emigrerte til USA i 1902, deretter reiste sonen Ivar i 1903, Oline i 1904, yngstejenta Anne i 1906 og sonen Ola i 1907.  Til slutt reiste den da 70 år gamle far deira etter i 1916.  Marie og Iver busette seg i Washington stat medan dei andre slo seg ned i Minnesota.

 

3.      Ole f. 1853 – død 1867.

 

4.      Anne f. 1855 – til Amerika.  Ho vart gift Dering.

 

5.      Hans f. 1858 – gift 1882 med Ranghild Svendsdotter f. 1854, dotter til Svend Knutsen frå Nesset under Håkenstad i Vågå og kona Rønnaug Ellevsdotter frå Bilben i Heidal, plassfolk på Slette under Gammel-Sandbu.

Hans og Ragnhild budde først eit par år på Buflåtten, deretter ein del år i Tullut under Solhjem, før dei kom til Mæhlumshaugen eller Nestuguhaugen under Mæhlum ein gong etter 1895. 

Vi finn familien på ”Mæhlumshougen” i 1900 der Hans var husmann med jord og dagarbeidar. Både Hans og Ragnhild var sterkhelsa folk. Han vart 86 år gamal, og Ragnhild levde til ho vart 97 år.

Ni barn: Mari, Olaf, Syver, Johan, Rønnaug, Anton, Anna, Kristian og Ragnhild.

 

6.      Christen f. 1860 – død 1862.

 

7.      Marit f. 1864 – gift 1892 med Johan Knutsen Resset f. 1867, son til Knut Amundsen frå Bottenstugu i Kvam og kona Mari Engebrethsdotter Resset, plassfolk i midtre Resset på Sjoa.

       Johan og Marit budde først i Ljosmyra i Kvam, der vi finn dei i 1900.  Deretter kjøpte Johan nedre Slåen i Bræbygda, og familien fløtte dit.  Marit fall frå i 1954 og hadde da vore enke sidan 1946.

       Fem barn: Maria, Karen, Olaf, Kristian og Mathea.

 

8.      Christen f. 1866 –  vidare ukjent.

 

På sine eldre dagar fløtte Ole og Marit i Fiskelykkja til dotter si i Ljosmyra, og budde der da Ole fall frå i 1899.  Som enke vart Marit fattiglem, og var på Moen i Kvam då ho døydde i 1914.

 

Eldste sonen Johannes finn vi i 1875 som losjerande vegarbeidar hjå komande svigerforeldre på Reiremo i Heidal.  Han og Ingeborg hadde da fått to barn før dei gifta seg i 1876, og fekk også tredje barnet før dei fløtte til Fiskelykkja og tok over etter foreldra hans.  Ingeborg var født i 1851, og var dotter til Christen Amundsen og kona Mari Larsdotter, plassfolk i Reiremo under Bjølstad.

 

 

Johannes Olsen Mæhlumsløkken, 1847-1935

 

Johannes og Ingeborg fekk ikkje mindre enn 10 barn, og alle levde opp:

 

1.      Marit f. 1872 – ugift.  Budde heime.  Kom på gamleheimen på Veikle før ho fall frå i 1957.

 

2.      Ole f. 1875 – ukjent lagnad, men truleg emigrerte han til USA.

 

3.      Mari f. 1877 – fekk med Mathias Andersen f. 1877 i Hagen under Harildstad, Kvikne i Nord-Fron, dottera Marie f. 1900.

Mari vart i 1909 gift med Mathias Syversen Rusten f. 1877, son til Syver Olsen Kringrusten og kona Anne Paulsdtr. Rusten.  Dei budde på ein plass i almenninga øvst oppe i Blekalia, som på folkemunne vart kalla Hiten.  Med tida overtok Mathias og Mari denne plassen.  Dei brukte etternamnet Rusten, men var kanskje betre kjende som Mathias og Mari Hiten. 

Ein kjenner til seks barn: Anna, John, Magnus, Inga, Martha og Kari.

 

4.      Olav f. 1880 – gift 1903 med Marthe Andreasdtr. f. 1877, dotter til Andreas Olsen Stubrud og kona Maria Pedersdotter Hattestad, plassfolk under Rindal i Vingrom.

Olav var murar av yrke, og familien budde på Lillehammer. 

Seks barn: Inga, Anton, Jørgen, Magnus, Olave Marie og Gudrun.

 

5.      Johan f. 1881 – ugift.  Budde heime.  Ein medsoldat la geværet sitt på aksla til Johan og brende av da dei var i militærtenesta.  Folk som kjende Johan, sa at han vart aldri heilt seg sjølv att etter denne hendinga.  Johan fall frå i 1966.

 

6.      Mathias f. 1884 – overtok Fiskelykkja etter foreldra.

 

7.      Kristian f. 1887 – fekk med Magna Johansen f. 1881 på Torpa, ein son Ivar f. 1907. 

I 1908 emigrerte Kristian til USA og slo seg ned i Eau Claire, Wisconsin. Der gifta han seg i 1914 med ei Mathilda Amelia Westegard f. 1885 i Fairchild, Eau Claire.  Saman fekk dei først tvillingane Lillian og Leonard f. 1917, og deretter sonen Roger Gerald f. 1919.

Paret budde i Eau Claire levetida ut.  Kristian fall frå i 1977, kona var avliden i 1972, og dei ligg båe gravlagte på Lakeview Cemetery i Eau Claire.   

 

8.      Bina f. 1889 – tenestejente hjå tanta si i Ljosmyra i 1900.  Vidare lagnad ukjent. 

 

9.      Anton f. 1893 – overtok Fiskelykkja etter broren Mathias.

 

10.  Anna f. 1896 – fekk ein son utanfor ekteskap, som vart oppala på Resset. Sjølv vart Anna buande heime i Fiskelykkja, men kom truleg på aldersheimen før ho fall frå i 1988.

 

I folketellinga frå 1900 finn vi Johannes og Ingeborg i Fiskelykkja med sju av dei ti barna heime.  Det skulle etter kvart syne seg at alle desse, utanom Kristian, vart verande i heimbygda. 

 

Sonen Mathias f. 1884 overtok Fiskelykkja etter foreldra.  Bruket vart frådelt Mæhlum og kjøpt i 1922, truleg av Mathias.  Han var sambuar med Mathea Hansdtr. Vangen f. 1865, dotter til Hans Olsen Bergum og kona Ingeborg Eriksdtr. Tho som kjøpte søre Vangen i 1841. 

Mathias og Mathea hadde ikkje barn, så Mathias overdrog Fiskelykkja til broren Anton i 1947.

 

Anton f. 1893 gifta seg i 1930 med Klara Johannesdtr. Lillehaugen f. 1896, dotter til Johannes Johannesen Lillehaugen og kona Ingeborg Simensdtr. frå Øvstehage i Gausdal. 

 

Frå før hadde Klara ei dotter.  Saman fekk ho og Anton sonen Asbjørn Kåre f. 1934.

 

Asbjørn Kåre overtok Fiskelykkja etter far sin i 1974.  Han sette opp nytt våningshus i 1975, og har elles teke særs godt vare på dei gamle husa både på bruket og på sætra.  Asbjørn Kåre Løkken var ugift og utan livsarvingar, og hadde difor testamentert Fiskelykkja, eller Mæhlumslykkja, attende til hovudbølet Mæhlum før han fall frå i 2002.