Hjellum i 1949

 

HJELLUM

HOHM

Framsida

Ottbragden

Øvre Ottbragden eller Hjellum med skyld 3 skinn fall altså på Bersvein Olsen.

Han var gift med Randi Eriksdtr Stanviken, født i 1752. Dei fekk ialt sju born:

  1. Marit Bersveinsdtr., døypt 28. april 1776, død i 1811, gift fyrst i 1805 med Hans Olsen Furuløkken, født 1778, død 1810. Gift andre gongen 1811 med Ole Hansen Sørjordet. Dei var husmannsfolk i Sørjordet under Sandbu.
  2. Rannei Bersveinsdtr., døypt 18. januar 1778, død 1854, gift 13. oktober 1805 med Ole Johannesen Myrum. Dei vart plassfolk i Bondestad.
  3. Ola Bersveinsen, døypt 19. november 1780. Tok over på Hjellum etter foreldra sine.
  4. Ragnhild Bersveinsdtr., født  1784, gift i 1806 med Guttorm Jonsen Brenden. Dei vart plassfolk i nørdre Brenden under Bræe.
  5. Erich Bersveinsen, født 1789, død 1867, gift i 1816 med Kari Jakobsdtr. Bredevangen. Dei kom til Nestuguhaugen under Mæhlum.
  6. Anne Bersveinsdtr., født 1792, død 1875, gift i 1819 med Johannes Olsen Mælumsløkken. Dei var plassfolk i Fiskelykkjun under Mæhlum
  7. Marit Bersveinsdtr., født 1796 død 1837, gift i 1835 med Peder Olsen nørdre Kringom. Plassfolk i Formofetten under Formo.

I 1801 bur desse på Hjellum:

Bersend Olsen
Randj Eriksdtr
Ole Bersvendsen
Erik Bersvendsen
Anne Bersvendsdtr
Marit Bersvendsdtr
husbonde og gaardbruger
hands kone
deres børn
60 år
49 år
21 år
12 år
8 år
6 år

Ola Bersveinsen tok over garden etter faren alt i 1807. Han vart gift 12. juni 1808 med Kari Mikkelsdtr. Mostugu, født 1783. Dei fekk tre barn:

  1. Ragnhild født 1808, død same året.

  2. Ola født 1811, og

  3. Berit født 1815.

Men Kari døde i 1817, og Ola gifta seg oppatt  eit halvt år seinare med Mari Syversdtr Geitsida. Dei fekk desse barna:

  1. Kari født 1818, død 1864. Ho gifta seg i 1839 med Fredrik Hansen nørdre Endrestad.

  2. Bersvein født 1821, død året etter.

Men Ola døde alt i 1822, og Kari vart sitjande att med den gamle svigermora og fire mindreårige barn. Det gjekk galt, og garden vart seld på tvangsauksjon til  
Ola P. Håkåstad frå Vågå for 310 spd. Dei to enkjene fekk i tillegg ei lita føråd, og broren til Ola, Erik Bersveinsen, fekk rett til å slå stein i eit skiferbrot som låg til garden.

Ola Håkåstad selde Hjellum vidare til Iver Sjugurdsen Garden frå Skårvangen i Vågå. Skjøte er dagsett 3. september 1834, og salsummen er 400 spd.

 

Iver Hjellum, som han no vart kalla, var gift med Marit Eriksdtr Andvordstrædet frå Lom. Dette to sette garden i god stand, og fekk fire søner, alle store og kraftige karar som nådde høg alder:

  1. Sjur født 1828, død 1907. Tok over garden etter faren.

  2. Eirk født 1831, gift med ei dotter frå Hanslien på Lalm. Han dreiv med gruve- og vegarbeid i unge år. Sidan dreiv han Hanslie i 45 år. Han var framifrå til å fortelja soger, og Ivar Kleiven skreiv ned mykje etter han. Erik fall frå i 1925.

  3. Jo født i 1837, vart gift med Marit Hansdtr ner-To. Dei kjøpte søre Einangen i 1873, og vart husbondfolk der. Jo døde i 1919.

  4. Ola født 1842. Han vart gift med Ragnhild Johannesdtr Ottbragden. Dei kjøpte nørdre Sørlie på Lalm. Ola var mykje med i kommunalt styre og stell, og var god til å skrive for seg. Han døde i 1927.

 

Etter folketeljinga i 1865 er desse busett på Hjellum dette året:

Iver Syversen
Marit Eriksdtr
John Iversen
Ole Iversen
 
Syver Iversen
Imbjør Olsdtr
Iver Syversen
Ole Syversen
Marit Syversdtr
Ole Olsen
Sigri Hansdtr
Husfar, gaardbruger og selveier
Hans kone
Deres Søn, Hjælper Far
Deres Søn, Hjælper Far
 
Deres Søn, Bruger Halvten af Gaarden
Hans Kone
Deres Søn
Deres Søn
Deres Datter
Tjenestekarl
Tjenestepige
63 år
59 år, Lom Præstegjeld
28 år
23 år
 
37 år
34 år, Frons Præstegjeld
9 år
4 år
6 år
18 år
20 år

Garden før no 2 hestar, 10 kyr, 26 sauar , 25 geiter og 2 grisar.

 

Syver Iversen tok etter faren. Han var gift med Ymbjør Olsdtr Storrusten, født i 1831. Dei fekk barna:

  1. Ola født 1861. Vart neste brukar på Hjellum.

  2. Iver født 1857.

  3. Marit født 1859,

  4. Kari født 1866. Gift til Lauvrusten på Lalm.

  5. Syver født 1869, og

  6. Anne født 1872.

Ola tok så over etter faren, og i 1900 bur desse på garden:

    I øvre stugu: Gardbruker Ola Syversen, kona Mari Syversdtr født 1869, og barna
     
    1. Ingeborg Anna født 1891,
    2. Marit født 1895,
    3. Iver født 1897 og
    4. Signe født 1899.
I nedre stugu bur foreldra til Ola, Syver Iversen og Ymbjør Olsdtr saman med sonen Iver.
Syver er "Opsynsmand i Sells skifferstensbrud, bag Pilargurikampen", Iver er Skifferstensarbeider.

 

Men så vart garden seld, no til Iver C. Sletten på Mæhlum. Han skjøta garden over på yngste sonen sin, Iver født 1887.

Iver I. Sletten eller Hjellum, var gift med Mari Christensdtr. Fjerdingren frå Heidal, født i 1894. Dei fekk to barn. Mari døde i spanskesjuka i 1918.
Iver selde til sist Hjellum til John Turmo frå Otta. Då var garden på 50 mål dyrka jord og 100 mål skog.

All jordvegen på Hjellum er idag utparselert til bustadtomter.