Resløkken

 Aud Sandbu

Framsida

English version

Garden var opprinneleg ei engløkke som vart rydda av rydningsmannen i Lillerusten.  Løkka låg litt nordanfor og ovanfor gardstunet til Lillerusten, oppå ei hylle i dalsida, eller eit res som det vart sagt i gamal tid.  Derav namnet Resløkken.

Det var ein Peder Olsen som i 1747 kjøpte rydningsretten til denne engløkka for 30 riksdalar av Peder Pedersen Lillerusten.  Med i handelen følgde også ein vassbrunn synnafor engløkka, og sæter på Slåsætrene.  Det vart elles sett som klausul at Peder Olsen skulle svara for halvparten av dei årlege skatter og avgifter som Peder i Lillerusten måtte betale.  Skjøte er datert Rusten, 21. september 1747, og som vitne har Ole Mortensen Bragelien og Johannes Eide underteikna.

Dette engstykket var lite å leva av, så Peder Olsen fekk løyve til å rydde seg meir jordveg i allmenninga.  Bevillinga datert Tolstad, 28. februar 1760 og underteikna av Christen Pram.

Peder Olsen og kona Anne Amundsdotter var barnlause.  Da dei byrja dra på åra, gjorde dei ei avtale med Ole Johannesen Kjeldeberget og kona Kari Amundsdotter om at desse to skulle flytte til Resløkken og ta omsorga for dei i alderdomen.  Men etter at Ole og Kari Kjeldeberget kom til Resløkken, vart tilhøva mellom dei og føderådsfolka såpass vanskelege at dei reiste heim att.

Peder og Anne Resløkken vende seg deretter til bror hennar, Svend Amundsen, som sa seg viljug til å vera framfødselsmann for dei.  Han fekk skjøte på rydningsretten til Resløkken, skyld ½ skinn, av Peder og Anne mot denne føderådskontrakta: føderådsfolka skulle ha fòr til åtte sauer og to kyr, dei skulle årleg ha 6 tynner korn og ½ tynne rug, varmt hus, oppvartning i sjukdom og alderdom, og hest til nødvendig bruk.  Når den eine vart borte, skulle den attlevande årleg ha 4 tynner korn og 4 mæler rug.  Etter døden skulle dei ha ei sømeleg gravferd, og Svend Amundsen skulle få alt lausøyra etter dei.  Dersom nokon skulle krevja arv etter Peder og Anne Resløkken, måtte vedkomande først betale Svend Amundsen 30 rd for kvart år han hadde hatt desse to på føderåd.  Skjøte datert Resløkken, 9. juli 1772, og føderådskontrakta datert 3. juni 1773.

I 1776 lånte Svend Resløkken 160 rd av Jacob Hansen Solhjem mot pant i Resløkken skyld ½ skinn og alt lausøyra "bestaaende udi 4 Nøds Creature og 4 smaae Creature med videre hvad jeg nu ejer og ejende vorder" for å kjøpe garden.   

Så døydde Svend Amundsen frå både gjelda og føderådsfolka, og frå kona og to småjenter.  Det vart halde skifte etter han i Resløkken den 13. april 1779, der det går fram at kona Brit Hansdotter var attlevande med døtrene Anne d.e. 3 ½ år gamal og Anne d.y. 1 år gamal.

Resløkken vart deretter seld på auksjon, og prokurator Hans Gotfred Hansen saman med lensmannen i Ringsaker, Anders Lysgård, fekk tilslaget for 170 rd og føderåd til dei gamle i Resløkken, samt å løyse inn lånet til Jacob Hansen Solhjem på 160 rd med renter 10 rd.  Det går fram at handelen også omfatta Lillerusten.

Tre år seinare selde desse to karane "vores til Dato eiende og brugende Gaardepladser, Resløkken og Lillerusten kaldet, hver skyldende ½ skind, til sammen 1 Skind," til Hans Østensen Forbrigd for 300 riksdalar og føderåd til Peder Resløkken etter den kontrakta han hadde med den avlidne Svend Resløkken, samt føderåd til dei gamle i Lillerusten.  Skjøte datert Ringsaker, 12. april 1782.

Eit par år seinare selde Hans Østensen Forbrigd plassen Resløkken skyld ½ skinn til ein Peder Olsen for 160 riksdalar.  Skjøte datert Sandbu, 5. februar 1784.  Til finansiering av denne handelen lånte Peder Olsen 163 riksdalar av Ole Larsen Selsjord, tidlegare Loftsgård, mot pant i Resløkken, og til 4% rente. 

Panteobligasjonen vart avlese alt året etter, da Peder Olsen selde gardplassen sin, Resløkken skyld ½ skinn, til Fredrik Amundsen Slåen for 207 riksdalar.  Skjøte datert Sandbu, 23. februar 1785.  Fredrik Amundsen Slåen fekk samstundes låne 150 riksdalar av Ole Larsen Selsjord på same vilkår som den forrige låntakaren.

Så må Resløkken enda ein gong ha gått på handel, denne gongen frå Fredrik Amundsen Slåen til ein Peder Amundsen. 

Peder Amundsen var gift med ei Marit Amundsdotter.  Desse to finn vi i Resløkken under teljinga frå 1801.  Fire av i alt fem barn var komne til.

Da Peder Amundsen fall frå, står kona Marit oppført med Amund Fredriksen Slåen som verge i skiftet dagsett 11. februar 1808.  Dette kan tyde på skyldskap mellom folket i Slåen og dei i Resløkken.

Peder og Marit hadde desse barna:

1.  Anne f.ca. 1788 - gift 1809 med Ole Pedersen f.ca. 1758.  Han brukte husmannsplassen Brekken under Sandbu, naboplassen til Resløkken, så for Anne vart det berre å fløtta over på andre sida av gjerdet.  Ein kjenner til fem barn etter dei.  Ole fall frå i 1832, Anne levde til 1870.  

                        2.  Amund f. 1791 - overtok garden.

3.  Fredrik f.ca. 1795 - levde som ungkar i Resløkken heile livet.  Legdelem då han fall frå i 1866, 72 år gamal.

                        4.  Kari f. 1800 - død 1808

                        5.  Hans f. 1805 - død 1815

Marit Amundsdotter overdrog gardparten Resløkken, matr.nr. 192, av skyld ½ skinn, til sonen Amund Pedersen for 50 riksdalar og føderåd ved skjøte og føderådskontrakt datert Hammer, 22. februar 1813.

Amund Pedersen gifta seg i 1819 med Kari Hansdotter f.ca. 1798, dotter til Hans Paulsen Viken og kona Mari Paulsdotter, gardfolk på Viken i Sødorp i 1801.

Amund og Kari fekk åtte barn:

                        1. Peder f. 1820 - overtok i Resløkken.

2.  Hans f. 1822 - gift 1851 med Kari Hansdotter f. 1827, dotter til Hans Eriksen Bakkemoen og kona Anne Hansdotter frå søre Eide, gardfolk i Bakkemoen synnafor Sjoa.
Hans og Kari kjøpte garden Slettvika i Sødorp i 1855.  (Kan vera same garden som besteforeldra til Hans på morsida brukte i 1801.)  I 1865 finn vi dei i Slettvika med fem barn.  To barn kom til seinare.  Dei hadde 6 kyr og 16 sauer, dei sådde både rug, bygg, blanda korn og erter, og sette 1 ½ tynne poteter.  Hans og Kari budde i Slettvika til dei fall frå, han alt i 1877 og ho i 1913.
 
3.  Kari f. 1824 - ugift.  I 1875 finn vi Kari som gardbrukar og sjølveigar på nordre Resset som ho hadde fått frådelt Resløkken av broren Peder. 
I 1900 hadde ho teke inn yngre folk som ho hadde føderåd hjå.     

4.  Marit f. 1826 - var vel noko tilbakeståande.  I teljinga frå 1875 står det beint fram at ho var "sinke".  Marit budde heime i Resløkken all sin dag, og fall frå i 1885.

5.  Fredrik f. 1829 - gift 1856 med Anne Hansdotter Lillerusten f. 1824.  Far hennar var Hans Pedersen Klomstadenget og mora var Kari Syversdotter frå Einangen.  Kari sat som enke i Lillerusten da ho fekk dottera Anne utanfor ekteskap.   
Fredrik og Anne budde i Lillerusten.  Dei fekk to barn saman.  Fra før hadde Anne ein son utanfor ekteskap.  Fredrik fall frå i 1910, etter å ha vore enkemann i 11 år. 
 
6.  Anne f. 1832 - gift 1874 med Nils Johnsen f. 1843, son til John Nilsen Viksøyen og Mari Nilsdotter frå Teigøyen, plassfolk i Øyen under Vik i Kvam.
Anne og Nils budde som nygifte på nordre Resset hjå syster hennar, og fekk der sonen Amund i 1876.  Etter det finn ein ikkje spor etter dei.  Nils var jernbanearbeidar, og familien fløtte sikkert dit det var arbeid å få ved jernbana.   

7.  Rønnaug f. 1835 - død 1837

8.  Rønnaug f. 1838 - ugift, men fekk ei dotter utanfor ekteskap med Paul Olsen Morken frå Kvam; Anne Marie f. 1870.  Mor og dotter budde i 1875 hjå Kari på nordre Resset, og Anne Marie er heimfesta til Resset då ho vart konfirmert i 1884.  Truleg er det ho som er oppført som Anne Resset i lista over dei som emigrerte til Amerika i 1893.  Rønnaug var fløtt heim att i Resløkken da ho døydde i 1891 av "svulst i maven".

Kari Hansdotter fall frå alt i 1847, 48 år gamal ifølge kyrkjeboka.  Amund Pedersen gifta seg på nytt i 1853 med ei ny Kari.  Ho var født ca. 1797 på Mæhlumsvangen, og var dotter til Christen Olsen frå Mæhlum og Marit Iversdotter frå Uppigard Bu, brukarar på Mæhlumsvangen i 1801.

Det vart sjølvsagt ikkje barn i dette ekteskapet, men Amund og nykona Kari fekk så mykje som 20 år saman i alderdomen.  Dei fall frå med berre eitt års mellomrom, han i 1883 og ho i 1884.

Eldstesonen Peder Amundsen hadde forlengst overteke garden.  Det er han som står som gardbrukar og sjøleigar i 1865.  Under denne teljinga hadde dei på Resløkken ein hest, ni storfe, 18 sauer og ein gris, dei sådde rug, bygg og blandkorn, og sette 2 tynner med poteter.

Peder gifta seg i 1851 med Mari Hansdotter f. 1823, dotter til Hans Eriksen Bakkemoen og kona Anne Hansdotter frå søre Eide.  Mari var altså syster til Kari som vart gift med Hans, den to år yngre broren til Peder.

Peder og Mari fekk 10 barn:

1.  Kari f. 1848 - født før foreldra var gifte.  Sjølv vart Kari gift i 1873 med Kristian Larsen Lillerusten f. 1848.  Han var son til Anne Hansdotter Lillerusten som fekk guten utanfor ekteskap med Lars Johnsen Åmodt.
Kristian var skomakar, og han og Kari budde dels i Lillerusten, dels i Resløkken.  I 1900 finn vi ekteparet i drengestova på Resløkken saman med sju av dei ni barna dei fekk.
 
2.  Amund f. 1852 - gift 1876 med Maria Pedersdotter f. 1855, dotter til Peder Pedersen frå Horgen og Mari Steinarsdotter Faukstad, gardfolk i Faukstad Uppigard i Heidal.
Amund og Maria budde heime hjå hennar foreldre da dei fekk sonen Peder f. 1876.  Deretter utvandra den lille familien til Amerika i 1879. 

3.  Hans f. 1854 - overtok etter foreldra.

4.  Peder f. 1855 - skomakar, utvandra til Amerika med same båten som broren Amund.  Peder slo seg ned i Devils Lake, Nord-Dakota, der han dreiv ein større skomakarforretning.  Han var ungkar då han reiste ut, men gifta seg seinare med ei som truleg var frå heimbygda hans.

5.  Kari f. 1857 - budde heime og stelte for broren Hans.  Ho fall frå i 1934.

6.  Iver f. 1859 - gift 1899 med Karen Torsdotter f. 1873, dotter til Tor Olsen Åmodt og kona Anne Andersdotter frå nedre Bilben i Heidal, gardfolk i nørdre Åmodt på Sjoa.  Etter giftarmålet utvandra Iver i 1899 med Wisconsin i USA som destinasjon.  Kona Karen reiste etter i 1902 med dottera Thora som da var 2 år gamal. 

7.  Fredrik f. 1862 - ugift.  Budde heime.  Fall frå i 1902, berre 40 år gamal.

8.  Kristian f. 1863 - død 1874.

9.  Anne f. 1866 - gift 1898 med Mathias Olsen Sigtrudplassen f. 1865, son til Ole Erlandsen Stanviksranden og kona Marit Bersveinsdotter frå Bondestad under Breden, plassfolk i Sigtrudplassen under Ny-Sandbu.
Anne og Mathias budde første tida i føderådshuset på Resløkken.  Dei fekk tre barn; Mathea f. 1898, Paul f. 1900 og Marit f. 1902.  Mathias livnæra seg og familien som skifersteinsarbeidar. 
I 1914 kjøpte Mathias nabobruket Brekken av Anders H. Sandbu, og familien fløtte dit. 
Anne fall frå i 1950, Mathias var avliden to år tidlegare. 
 
10.  Rønnaug f. 1869 - gift 1891 med Erik Amundsen Bilben f. 1852, son til Amund Eriksen frå Åseng og kona Kari Hansdtr. Bilben, gardfolk i nedre Bilben i 1865.
Erik drog til Amerika, men kom att etter 17 år, gifta seg og leigde butikken i nordre Kolloen på Sjoa frå 1894 til 1907.  Deretter fløtte familien til Slåstuen, og budde der til Erik starta eigen butikk på Kolstugubakken i 1911.  Erik fall frå i 1937, medan Rønnaug levde til 1954. 
Dei fekk seks ungar, bl.a. Pauline f. 1901, som tok over butikkdrifta etter faren i 1920-åra.  Ho gifta seg med Carl Resset som dreiv installasjonsforretning i landhandleriet hennar.  Ikkje før i 1997 avvikla Pauline butikken sin, og to år seinare forlet ho denne verda, 98 år gamal.

 

Det var framleis Peder Amundsen og kona Mari Hansdotter som sto som gardfolk i Resløkken i 1900.  Da var han 80 år og ho 77 år gamal.  Forutan dei sjølve med tre barn buande heime, samt ein tjenestegut, budde det nær familie både i føderådsstova og i drengestova.  Til saman finn vi 18 personar med smått og stort på garden under denne teljinga.

To år seinare er både Peder og Mari avlidne.  Dei fall frå same året, han i mai og ho i desember 1902.

Det vart nest eldste sonen Hans som overtok etter foreldra.  Han var både hjulmakar og smed i tillegg til å drive garden.  Hans gifta seg aldri, men hadde god hjelp av systera Kari til hushaldninga og anna arbeid.  Etter at Kari var avliden, vart det systerdottera Mathea på nabobruket Brekken, som tok omsorga for han i alderdomen.  Hans skreiv garden over på ho i 1946, og fall frå alt året etter.

Med Mathea Brekken (1898-1982) vart gardsdrifta i Resløkken smått om senn avvikla etter kvart som ho drog på åra.  I 1969 førte ho garden over på dottera og svigersonen, og frå 1987 har eldste sonen deira stått som eigar av Resløkken.