Jordet under Selsjord

Også kalla Lille-Jordet eller Vetl-Jordet

 

Aud Sandbu

Framsida

 

Historia om Vetl-Jordet starter truleg med Ole Olsen født 1792 på Øvre Bergum. Han var tredje og yngste sonen til Ole Paulsen Bergum og kona Ingeborg Rasmusdotter, og kom dermed sist i køen som arvtakar til plassbruket etter foreldra. 

 

Ole gifta seg i 1816 med Kari Jacobsdotter f. 1790 på Midtre Flåten under Uppigard Bu, og tida var dermed inne for å sjå seg om etter anna husvære for seg og eigen familie. Men dette var ikkje enkelt, så Ole og Kari laut bu heime hjå foreldra hans til å byrja med, og fyrste barnet, ei dotter vart dessutan født på Øvre Bergum i 1817.

 

Men så laga det seg slik at Ole og Kari fekk husmannskontrakt på eit jordstykke som høyrde til Selsjord, nabogarden til Øvre Bergum på sørsida. Nokon tinglese husmannssetel på Vetl-Jordet er ikkje funne, korkje frå den gongen eller tidlegare, så det er svært sannsynleg at dette parfolket var dei fyrste som bygde opp heimen på Vetl-Jordet. Dette må ha vore kring 1818, for da fekk Ole Olsen Jordet kjøpe ei sæterkve innpå Slettsætra av Syver Pedersen Vangen.  

 

Familien auka med fire barn til, men eldste dottera døydde berre 25 år gamal, og einaste guten levde såvidt etter fødselen slik at faren vanst å døype han før livet ebba ut. Så skulle det etter kvart syne seg at to av døtrene flytta frå heimbygda, og foreldra såg dei nok aldri meir att. 

Ole fall frå i 1861 og Kari i 1869. 

 

Dei fem borna var:

 

  1. Anne f. 1817. Døydde ugift heime på Vetl-Jordet i 1842.

 

  1. Ingeborg f. 1821. Fekk sonen Jacob f. 1844 utanfor ekteskap med Fredrik Fredriksen Breden. Sju år seinare sette ho att guten hjå besteforeldra og reiste til Kvæfjord i Troms. Der gifta ho seg i 1859 med Lorents Olai Markusen som var gardbrukar og sjølveigar på Hunstad. Ingeborg og Lorents fekk ikkje barn saman. Både i 1865 og i 1875 hadde dei mor hans på føderåd. I 1900 sat dei sjølve som føderådsfolk på Hunstad medan ein annan familie dreiv garden. Ingeborg fall frå i 1915 etter å ha passert 94 år.   

 

  1. Ole født nyttårskvelden 1824 og levde berre nokre timar.

 

  1. Kari f. 1826. Fekk sonen Fredrik f. 1845 med Fredrik Fredriksen Breden, same mannen som systera Ingeborg fekk sonen sin med. Men Fredrik døydde berre 5 månader gamal. Året etter fekk Kari utflyttingsattest "til Nordlandene". Da ho kom til Brønnøy trefte ho på sambygdingen Lars Berntsen født 1821 på Øvre Myrum under Åsåren. Dei gifta seg i Brønnøy kyrkje i 1848, og fekk deretter slå seg ned på ein husmannsplass kalla Stakstø under garden Skille. Seks born fekk dei saman før Lars døydde i 1876. Dødsårsaka var giktsjukdom. 

 

Borna var:

 

1.      Ole Klæboe Larsen f. 1852. Han vart handelsmann på Buøy, men fekk truleg same giktsjukdom som faren, og døydde i 1893 etter å ha vore sjuk i 7 ½ år.

 

2.      Jæger Angell Larsen f. 1858. Gift i 1892 med Jette Amalie Mortensdtr. Skomo f. 1867 i Brønnøy. I 1900 finn vi parfolket på Kjølsøy i Brønnøy der Jæger Angell var handelsmann og poståpnar. Dei fekk ingen barn, men hadde to pleiedøtre i 1910. Da var dei gardfolk på Sandnes i Brønnøy, i tillegg til at Jæger framleis var handelsmann.

 

3.      Eleonora f. 1861. Ho gifta seg i 1886 med Johan Jørgen Hansen f. 1855 i Brønnøy. Men etter berre 2 års ekteskap døydde Eleonora i 1888 av giktsjukdom slik som faren og broren Ole.

 

4.      Mikael Gerhard Lind Larsen f. 1864. Truleg utvandra til USA.

 

5.      Leonhard Bugge Larsen f. 1868. Flytta til Bergen der vi finn han både i 1900 og 1910 bosatt i Welhavensgt. 8 saman med kona Berthe Johanne som var frå Stavanger. Dei fekk 4 born: Norberg f. 1897, Ingegerd f. 1899, Ottar f. 1901 og Reidar f. 1904. Leonhard var kommunalt ansatt som skattemanntalsførar, ei stilling han hadde både i 1900 og i 1910.

 

6.      Tørris Olai Larsen f. 1871. Til USA med avreise frå Trondheim den 25. juni 1890. Endeleg reisemål var Dawson i Minnesota.

 

  1. Ymbjør f. 1829 - overtok etter foreldra på Vetl-Jordet.

 

Det skulle altså bli yngste dotter til Ole og Kari som vart verande heime på Vetl-Jordet.  Antageleg tok Ymbjør og ektemannen Gulbrand Syversen over plassbruket etter at dei hadde gifta seg i 1855. 

Gulbrand var født i 1816, og kom frå Brenna på Nord-Sel.

 

I 1865 hadde dei på Vetl-Jordet 7 storfe på båsen,  15 sauer og 5 geiter, og jamvel hadde dei ein hest.  Dei sådde 1/8 tynne rug, 1½ tynne bygg, og sette 2½ tynne poteter.

 

Så døydde Gulbrand i 1876. Ymbjør sat att med fire søner, den yngste 5 år gamal. Fire år seinare tok eldsteguten farvel med mor si og la i veg til Amerika som så mange andre på den tida.  Nestemann tok same vegen halvan månad seinare, og tredjemann følgde etter i 1893.     

 

Som i forrige generasjon vart det også denne gongen yngstebarnet som tok over i Vetl-Jordet etter foreldra, men Ymbjør vart brått kasta inn i det att da svigerdottera døydde frå ektemann og 7 ungar i alderen 0 til 13 år. I ein alder av 64 år laut ho ta over ansvaret for heim og barnebarn. 

Tre månader etter at ho hadde fylt 84 år døydde Ymbjør av slag i 1914.    

 

Sønene til Gulbrand og Ymbjør:

 

  1. Ole f. 1857. Til Amerika. Avreise frå Oslo 23. april 1880 med skipet "Hero". Destinasjon Gary i Dakota.

 

  1. Syver f. 1861. Også til Amerika. Reiste frå Oslo den 29. mai 1880 med båten "K. Sigurd". Destinasjon Alexandria i Minnesota.

 

  1. Jacob f. 1867. Også til Amerika. Avreise frå Oslo 19. mai 1893 med skipet "Angelo". Reiste saman med Iver Johnsen Einangen. Dei hadde felles billett som kosta kr. 426,-.
  2. Etter transitt i Liverpool ankom dei Ellis Island i New York med "S/S Servia" den 1. juni 1893. Jacob skulle vidare til Tracy i Minnesota.

 

  1. Knut f. 1871. Overtok heimplassen etter foreldra.

Ymbjør Jordet (1829-1914) med sønnen Knut (1871-1938) og sønnesønnen Ola (1893-1969)

 

Knut gifta seg 2. juledag i 1893 med Anne Pedersdotter f. 1870, dotter til Peder Christensen og kona Kari Olsdotter frå Tolstadløkken, plassfolk i Gravåmellom under Tho. 

 

Sju born, derav eit tvillingpar, kom til verda i tidsrommet 1893 - 1906. Men så fekk Anne kreft, og døydde berre eit halvt år etter at ho fødde siste barnet. Heldigvis hadde Knut mor si til å ta seg av dei morlause ungane medan han var ute i arbeid. 

 

I tillegg til plassbruket arbeidde Knut ved kleberdrifta i Grandalen, og han var blant dei som sette opp Sinclairstøtta som vart avduka til jubilèet i 1912. Han dreiv òg som murar og bygdeslaktar.

I hans tid vart Vetl-Jordet frådelt Selsjord. Skylddelingsforretninga vart tinglese 30. januar 1924, og frå den dag vart Jordet dermed rekna som eit sjølvstendig bruk. Knut fall frå i 1938.

 

Borna til Knut og Anne:

 

  1. Ole Gustav, 1893-1969. Gift med Anna og fekk tre søner. Familien budde i Vågå.

 

  1. Peder, 1895-1948. Gift med Olga. Budde i Oslo. Ein son.

 

  1. Iver, 1898. Overtok Vetl-Jordet etter faren.

 

  1. Kristian, 1900-1982. Tvilling med Anton. Gift med Kari og fekk seks barn.  Budde på Otta.

 

  1. Anton, 1900-1985. Tvilling med Kristian. Gift med Kari. Fire born. Bodde på Otta.

 

  1. Karl, 1903-1985. Gift med Margit. Tre born. Budde i Sel.

 

  1. Anna, 1906-2003. Gift med Edvin og budde på Lillehammer.

 

Iver overtok gardsdrifta året etter skylddelinga, og i 1930 gifta han seg med Kari Viken (1913-2001). 

Ho var dotter til Mathias Johannesen Sanden og kona Marit Johnsdtr. frå Tho. Dei fekk skjøte på Viken under Tho av far hennar i 1912. Mathias og Marit hadde òg dottera Margit som vart gift med Karl Jordet, yngste bror til Iver. 

 

På 1950-talet var det 2 hestar, 4 kyr, 1 gris, 16 sauer og 15 høns på Jordet.  Iver restaurerte i 1932 det gamle våningshuset som vart sett opp av oldefaren, kårbygning vart bygd i 1956, og ny driftsbygning kom opp i 1958.  Fyrste traktoren kom på garden i 1954.

 

Iver og Kari fekk fem barn, ei jente og fire gutar. Men også i denne ungeflokken døydde ein gut berre 22 år gamal, og ein gut døydde som spebarn. Dei var nr. 2 og 3 i guterekka.  Den eldste og den yngste tok over drifta av garden i lag da foreldra byrja dra på åra.

 

Iver fall frå i 1969 og Kari i 2001.