Han Anton Stanvick frå Sjoa.

Av Adolf Gundersen.

(Artikkelen er henta frå Årbok for Gudbrandsdalen 1965, og er lagt ut med løyve frå utgjevar.)

 Framsida 

   Han Anton Stanviken frå Sjoa va født den 24. juli i 1874.  Det
va nok meininga at han skulle vorte gardbrukar, for han va einaste
sonen på garden.  Men han Anton hadde ikkje hug te det.  Og så
vart det te di at 'n tok te i smedlære.  Kem han hadde te læremester,
hugsar eg ikkje lenger.  Men eg har hørt fortalt at han va med og
smidde da den førre Kollobrua vart bygd.  Det va ei trebru med någå
vederstyggelege grove jønnskruver.  Om eg ikkje hugser i miss, så
va døm over to tummer i tverrmål og sikkert tri meter lange, så det
va rett någå å ampast med.
   Å snitte slike skruver med håndmakt skulle det sanneleg krefter
te. Men krefter var ein ting som ikkje vanta hos 'om Anton.  Eg
har hørt fortalt at i ungdomsåra hans fòr det rundt ein kar med
ein tam bjøynn.  Han hadde framsyningar omkring i bygdom og
sette opp store pengesummar åt døm som ville freiste seg og vinne
over bjøynn i ryggtak.  Det va sjølsagt ikkje mange som våga seg
i ryggtak med sjølve bamsen, men han Anton tok nå den kula au,
han.
   Det va framsyning på Otta den gongen, og han Anton va der.
Da det vart lyst ut at det va høve te å freiste ryggtak med han
bamsefar, og at det va pengar å vinne, meldte han Anton seg straks.
Dermed baska det i hop med han og bjøynn, og det vart rett någå
te basketak au, har døm som va der fortalt.  Te slutt gjekk det så
vidt at bjøynn heldt på å tåpå for kjempekreftom hans Anton.  Men
da vart bjøynn så sint at døm måtte slutte før kula va avgjort,
for bjøynn tolde nok ikkje å tåpå han.  Han hadde full ikkje tapt
før, va von.  Men om han Anton hadde fått halde på, hadde han nok
lagt bjøynn i bakken.  Så han måtte eige krefter som ein ikkje ser
nå te dags.
   Som så mange andre i di tidom, fòr au han Anton over te Ame-
rika.  Det va der han gjorde om att namnet sitt te Stanvick, og det
namnet brukte han sea.  Om han dreiv som vanleg smed i Amerika
i fystninga, veit eg ikkje.  Men siste åran han va der, va han i alle
fall med og arbeidde på ein vognfabrikk.  Den store hobbyen hans va
musikk.  Han kunne spela på mest kåslag instrument han ville.  Men
sjøl likte han seg visst best på gitaren, for det va den han brukte
mest.  Og slik gitarmusikk er det sjeldan å få høre nå te dags.  Det
va ikkje denne seige klonkinga med eit grep i dag og eit i mårgå. 
Nei, det va eit liv over både musikken og sangen, som du ikkje
skulle hørt maken te.  De va helst religiøse sanger han brukte.  Men
døm va friske og kveke og ikkje slike tunge og seige, som ein ofte
hører her nå.
   Etter at han slutta arbeidet ved vognfabrikken, dreiv han te og
med som musikklærer ei stund der borti "Juneiten".  Og han fekk
jamvel diplom for musikken sin.  Men så vart det te at han sa
Amerika farvel og reiste heimatt åt fedrelandet og heimgrenda på
Sjoa og vart der resten tå livet sitt.  Sterk og arbeidsfør som han
ennå va, kunne han ikkje trivast med å gå arbeidslaus.  Og så starta
amerikanaren oppatt som bygdesmed i den gamle gardssmiua i
Standviken.  Denne smiua va eit gamalt tømrahus, og ei natt brann
ho ned.  Da støypte han Anton seg ei ny og større smiu. 
Der dreiv han i mange, mange år.  Og mangt og mykjy vart gjort
i smiua hans Anton.  Og pent og velgjort va alt som kom i frå
hendom hans.  Det va ikkje någå fusk der, skulle eg tru.  For han
Anton va tå di gamle, gode håndverkarom som sette si ære i støtt
å gjera fullgodt arbeid.  Han kunne ikkje levere frå seg någå, der-
som det ikkje va gjort på beste måte.  Og så hadde han ei arbeids-
lyst, ei arbeidsglede og eit pågangsmot som ein sjeldan ser makan
te.  Det va nok ingen åttetimars dag i smiua hans Anton.  Når han
heldt på med någå som interesserte han eller som det hasta med,
kunne han nok arbeide ti og tolv timar i eitt.
Men alderdomen kom med tida au te å setja sine merke på ei
kjempe som han Anton.  Synet tok te å svikta, og føtene like eins. 
Te slutt måtte han leggje vekk smiu-håmmår'n sin for godt. - Det
vart stor saknad etter 'om Anton her i grenda.  Han va så beinksam
og god å finne, når någå skulle vølast eller någå nytt skulle gjerast. 
Der fekk du støtt hjelp og godt arbeid av ein gamal og god hand-
verkar med både røynsle og innsikt.