Hans Næplykkjun

Artikkel frå Årbok for Gudbrandsdalen 1951, side 85, attgitt med løyve frå boknemnda.

 

Framsida

Søre Næpløkken

Han budde i Næplykkjun i Bræbygden.  Enno går det segner om kor hardfør han Hans kunne vera.  Du høyrde aldri maken!  Han var hardsett og senolagd og framifrå god kar all opp.  Han var ikkje høg, men breilagd som berre det.  Han dreiv mykje med kolbrenning i Løypet og i Blomsæterdalen.  Å for alle dei dagar og netter han la att der!  Det var gut som gjætte vel på kolmilene sine.  Han låg ute under berr himmel om det var alder så kaldt, berre slo trøya kring hovudet og ringa seg som ein hund.

Elles var han ikkje bortskjemd frå heime heller.  Det var inga stasstugu i Næplykkjun, skulle eg meine.

Var det kaldt og ufyse, så andre ikkje balla ut, så kunne han Hans ta til fjells.  Ja, at ikkje han omkomst, sa gamle folk.  Klede var det smått med.  Ei fillut brok, hoso der annakvar tå stakk ut, sjeldan noko slikt som ei heil skjorte, eit par utslitne sko.  Stødt gjekk han med trøya open i bringa.  Han hadde tjukt ragg på kroppen, og stundom kunne det leggja seg ei snødrive i bringa hans.  Han brydde seg ikkje med å sope ut att snøen.

Ein gong låg han på ein berghamar ved Løypet og vakta på mila si.  Då hadde han nok sovna godt, for då han vakna, hadde han fått ei heil snøfonn til overbreidsle!  Men han Hans fekk ikkje godtsom krim etterpå!  Å nei, han var nok sjeldan plåga av slikt som krim og hoste.  Han drakk tjyrulog.  Det var framifrå medisin.  Med den heldt han av seg all sjukdom, meinte han.  Det var kanskje det som gjorde at han var reint gulbrun over heile kroppen.

Ein haust låg han i Blomsæterdalen og brende kol for Jakup Vangen.  Han hadde reist opp nokre klov-ningar som han låg under, og så hadde han gjort opp stokk-eld, men om natta hadde varmen fata og brent hol i broka og svidd skinnet!  Men han Hans sov!

Jakup kom ein gong til honom med flatbrød og mjølk til soll.  Men trur du ikkje eg har gløymt kopp! sa han Jakup.  Han Hans svara ikkje, treiv berre øksa og skårå utor ei gamal nedfallsfuru.  Der var det kopp som heldt!

Ein gong han var på Mæhlum, skulle han vera med innåt Vålåsjøen på lynning.  Då dei kom innpå fjellet og nådde sjøen, var det blistrande kaldt, og folk tykte synd i han Hans som var så låkt kledd.  Med det såg ikkje ut til å leite på gamlingen.  Då dei kom til Smuksjøen, stakk han føtene nedi vatnet og så bort i snøen.  Slik heldt han på til han fekk ei is-skjel over tærne.

Han dreiv mykje med fiske innetter alle fjell.  Vart det natt-myrtne på han, la han seg alltid ved ein sjø eller eit tjønn, slik at han fekk halde føtene nedi til knes.  Då heldt han seg god og varm påstod han!  Folk tykte det var urimeleg, men han Hans gjorde slik jamt.  Det var gjerda, det.  Han var mest som eit dyr til å herde livet ute i villmarka.  Hans make har aldri gått i to sko på Sel.  Om det var aldri så steikjande varmt om sumaren så andre tydde bort i skuggen, så la han seg i gildaste solsteiken.  Men han sveitte ikkje heller.  Det var mest som han ikkje kjende korkje hete eller frost som anna folk. 

Han døydde i 1870.