Søre  Næpløkken

 Aud Sandbu

 

Framsida

Vangslien | Nordre Næpløkken

Det var - logisk nok - søre Næpløkken som vart rydda først; rydningsmannen ønskte sjølvsagt å koma så nær vasskjelda, Vangsåa, som råd.  Han vart født i 1794 på Mæhlumsløkken eller Fiskeløkken, og heitte Hans.  Foreldra var Ole Johannesen og kona Mari Hansdotter, plassfolk i Fiskeløkken under Mæhlum i 1801.  Hans var nr. 2 av gutane, og den fjerde i rekkja av ein syskjenflokk på åtte ungar, og laut ut av heimen for å finne seg utkome annan stad.

Hans gifta seg i 1820 med ei Kari Christoffersdotter som ved giftarmålet var heimfesta til eit Bekkeneige i Sel.  Truleg er det ho som vart døypt i 1788 som ”uægte” dotter til ei Anne Olsdotter.  Faren står oppført som Christoffer Johannesen, "Gevorben fra Froen".

Hans og Kari var plassfolk under Bræe da dei fekk første barnet, men var busett i søre Næpløkken før dei fekk det neste.  Truleg fekk dei berre fire barn, og berre to av dei vart vaksne:

1.      Ole f. 1820 – ugift.  I 1865 var han losjerande i nordre Næpløkken, og livnæra seg ved tresking.  I 1875 budde han som inderstar hjå skyldfolk på søre Resset og dreiv med ”amindeligt bondearbeide”, og i 1900 finn vi han som legdelem i Stanviken.  Ole Hansen Næplykkjun døydde som fattiglem i Slåen i 1904.

 

2.      Anne f. 1824 – døydde dagen etter fødselen.

 

3.      Ole f. 1825 – overtok som husmann i søre Næpløkken.

 

4.      Peder f. 1829 – døydde 2 år gamal.

Om Hans Næplykkjun går det fleire historier i bygda, og nokre er samla og publisert i ein artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1951, side 85.  Med løyve frå boknemnda er den delen av artikkelen teken med her.

Det er ikkje rett som det står i artikkelen at han fall frå i 1870.  Hans Næplykkjun vart faktisk 88 år gamal.  Han fall frå i 1882, og i gravferdslista står det endatil at han var født i 1794. 

I 1865 står sonen Ole f. 1825 oppført som husmann med jord i søre Næpløkken.  Han hadde da tre kyr og 14 sauer, sådde ¾ tynne bygg og sette ⅛ tynne med poteter.   

Ole hadde forlengst funne seg kone frå Heidal.  Han gifta seg i 1848 med Mari Olsdtr. f. 1824, dotter til Ole Syversen og kona Anne Olsdotter som var plassfolk i Sveen under Ro.

Ole og Mari fekk desse barna:

1.      Hans f. 1849 – var i 1865 tenestegut på Solhjem.  Deretter må han ha reist frå bygda.

 

2.      Anne f. 1851 – fekk ei dotter med Ole Andersen Nersæteren f. 1869, son til Anders Fredriksen Åsårmoen og kona Ingeborg Jacobsdtr. frå Josten, plassfolk i nordre Nersæteren under Åsåren i Sel.           

Dotter til Anne og Ole, Marie f. 1886, vart oppala hjå skyldfolk i nørdre Bakka mellom Sjoa og Kvam.  Ho var ugift legdelem i Heggerusten da ho døydde av ”slag” i 1914.  Kvar det vart av Anne, er uvisst.

 

3.      Kari f. 1855 – gift 1877 med Hans Olsen f. 1851, son til Ole Erlandsen Nystuen, Kvam, og kona Anne Olsdtr. Horgebakken frå Heidal.  Dei var i 1865 plassfolk i Bottenlykkja i Kvam.

Kari og Hans budde som inderstar hjå foreldra hans i Bottenlykkja da dei døypte sønene Ole f. 1877- d. 1877, Ole f. 1880 og Kristian f. 1882.  Deretter må dei ha fløtt frå bygda.

 

4.      Ole f. 1858 – gift 1884 i Sør-Fron med Kari Hansdtr. f. 1859, dotter til Hans Knutsen frå Tjyruvadet i Sødorp og kona Guri Jacobsdtr. frå Korstadløkken, plassfolk i Dalseghagen, Sør-Fron i 1865.

I 1900 finn vi Ole som gift tenestekar på sygard Bjørke, Sør-Fron.  Han hadde med seg eldste sonen som kvegrøktar på same garden.  Kona Kari med resten av barna var under denne tellinga busett i Bergstuen, ei ”fattigstugu” som Sør-Fron kommune eigde.  Ole og Kari fløtte mykje omkring, men i 1909 fekk dei slå seg til ro i nordre Kvikstadhagen, og budde der resten av levetida.  Ein kjenner til seks barn.  Ein av sønene kjøpte Kvikstadhagen i 1930, og etterslekta hans eig framleis bruket.

 

5.      Mari f. 1862 – tok seg tenestearbeid i Venabygden, og vart gift ca. 1885 med Gudbrand Erlandsen f. 1858, son til Erland Christensen Randen og kona Anne Olsdtr. Slovarp-bergum, plassfolk i Randen i Venabygden, Ringebu.

Mari og Gudbrand budde første tida i Venabygden, der dei to eldste sønene er født.  Deretter fløtte dei til heimbygda hennar, og fekk ein son til medan dei budde i søre Vangslien.  Før 1894 var dei komne litt lenger ned i lia, til Brattbakken under Solhjem, og budde der til dei fall frå, Gudbrand i 1929 og Mari i 1946.  Ho er truleg den einaste i denne syskjenflokken, som vart gravlagt i heimbygda.

Gudbrand og Mari fekk til saman åtte barn.  Den nest yngste av dei kjøpte Brattbakken i 1931, og i 1959 overtok neste generasjon.

 

6.      Ingeborg f. 1865 – gift 1889 med Kristen Johnsen f. 1864, son til John Olsen Kleivrud-øien og kona Anne Olsdtr. Ulvolden, plassfolk i Smedstugu under nordre Kleivrud.

I 1900 finn vi Ingeborg og Kristen i Smedstugu med fem barn, samt mor hans som var blitt enke.  Ho vart forsørgja av sonen som arbeidde ved  jernbana.  Under denne teljinga hadde Kristen mellombels bustad i Vestre Toten.

Ingeborg og Kristen fekk seks barn medan dei budde i Smedstugu: Johannes f. 1889, Mari f. 1891, Anna f. 1895, Ole f. 1897, Klara f. 1900 og Ragnhild f. 1903.  Berre Johannes er konfirmert i Sel.  Det er difor grunn til å tru at heile huslyden, inkl. gamle Anne Olsdtr. Smedstuen, fløtte frå Sel like etterpå.   

 

7.      Pernille f. 1869 – som systera Mari, tok også Pernille seg tenestearbeid i Venabygden, og fekk med Martinus Pedersen Haugstadløkken, dottera Olga f. 1895.  Da Olga vart døypt i Sel på nyåret i 1896, har presten notert at ”Barnefaderen er nu gift med en annen pige”.  Pernille budde hjå syster si i Brattbakken da dottera vart døypt, men i 1900 var ho attende i Venabygden, der ho var tenestejente på garden Bringsrud.  Den da fem år gamle Olga var med mor si, og budde framleis på Bringsrud da ho vart konfirmert i Venabygden i 1911, og gift i 1916 med Kristian Pettersen Bakkom f. 1888, son til Petter Olsen Risstubben og kona Kari Christensdtr. Gravåmellom frå Sel, plassfolk i Bakkom under Høystad, Kjønnås i Ringebu i 1900.  Kristian og Olga er såvidt nemnde under Bakkom 40/22, Ringebu, i Norske Gardsbruk utg. 1998.

Ein etter ein fløtte ungane ut av heimen, medan foreldra vart verande i søre Næpløkken.  Så kom den dagen da mor Mari ikkje var meir.  Ho fall frå i 1893, 68 år gamal.  Det var kanskje etter at han vart åleine at gamle Ole Hansen Næplykkjun fløtte ned til dotter si i Brattbakken, der vi finn han i 1900.  Han fall frå året etter, 76 år gamal.

I 1900 var det folkelaust i søre Næpløkken, og aldri kom det folk dit meir heller.  Før forfallet for alvor tok tak i hus og heim, vart låven teken ned og sett opp at som hytte på Vangsslette.  Den fem mål store jordvegen vart i nokre tiår framover nytta som hamning, men er nå attgrodd.  Det einaste ein i dag ser av spor, er restar av grunnmurar, steingjerder og stokkar.  Det var ikkje før i 1913 at dette området vart skifta mellom Vangensgardane, og søre Næpløkken vart da ein del av utmarka til søre Vangen.