Vangslien eller Næpløkken

 Aud Sandbu

 

Framsida

Søre Næpløkken | Nordre Næpløkken

”Meget høit beliggende” i lia ovanfor Vangensgardane vart det på 1820-talet rydda to husmannsplassar som i folketeljinga og på folkemunne gjekk under namna nordre og søre Næplykkjun.  Men i kyrkjebøkene er plassbruka oftast nemnde som nordre og søre Vangslien.  Dei låg nordanfor Vangsåa, i utmarka som nordre og søre Vangen den gongen hadde felles. 

Difor vart det òg teikna ein heller sjeldsynt husmannskontrakt.  Plassmennene på både nordre og søre Næpløkken måtte svara husmannsplikt til både nordre og søre Vangen.  I grove trekk vart dette løyst ved at dei arbeidde annakvart år på dei to gardane.