Om tømmervegen i Bjørndalen,

men mest om dei som bygde han

Framsida

Av Aud Sandbu

Det er skrive ein epistel om Bjørndalsvegen i boka "Otta gjennom 100 år" som kom ut i 1996, men der kjem det ikkje fram på langt nær dei faktiske forhold omkring vegen. Eg vil derfor freista rette opp dette. Det var ikkje anleggsarbeidarane på jernbana som i utgangspunktet laga vegen, men bygdas eigne karar som 20 år tidlegare kasta opp jord og stein med grev, og mura røyser for å støa opp på utsida, som med rå handmakt bora mineringshol i harde berget, og som enkelte plasser måtte hengje seg i tau utfor bratthenget når dei bora inn mineringsbor som skulle halde bruene på plass. Det var bygdas eigne karar som på deler av vegen risikerte liv og lemmer for å byggja vegen til Bjørndalen for oldefar min, Hans Leth Hansson Sandbu (1843-1901).

Eg skriv i vørdnad overfor desse karane !

 

* * * * * * * * * * *

Bjorndalen3.jpg (20235 bytes)

Tømmer-køyring i Bjørndalsvegen.

Fremst er Anders H. Sandbu (1875 - 1962), midtre køyrar er Olaf J. Resset/Slåen (1895 - 1989). Bakre køyrar er usikker, men er truleg Johan K. Resset (1867 - ?), far til Olaf og son til Knut A. Resset, omtala nedanfor.

 

Som framveksting hadde oldefar vore vitne til at ein stor stein losna oppe i fjellsida i teleløysinga, rulla nedover i ymse leier før han tok retning mot husmannsplassen synnafor garden, og knuste stugu som folket der budde i. Heldigvis gjekk det ikkje liv den gongen, men tanken på at dette kunne hende hans eigne folk og hus, var ikkje til å leva med. I 1865 sette han i gang det omfattande prosjektet med å fløtta gardstunet med bygningar lenger nord og nærare elva.

Til dette trongdes det mykje og stort tømmer, og inni Bjørndalen sto det vyrkje som oldefar tykte han skulle ha fått ned til gards på ein enklare måte enn å bakse med desse løypestrengene. Han grunna nok mykje på dette, rekna og kalkulerte, og ein forsommardag i 1875 hadde oldefar bestemt seg; nå skulle det bli tømmerveg opp til Bjørndalen.

 

Knut Amundsson Resset var ofte nedpå Gammel-Sandbu og gjorde eit dagsverk. Han var ein kar i begynnelsen av 50-åra den gongen, kom opprinneleg frå Bottenstugu sy Kvam, vart gift med Mari Engebrethsdotter på midtre Resset, og overtok med tida som husmann på bruket etter svigerfaren. Oldefar spurte om han kunne tenkje seg å ta jobben med å kaste opp den nederste delen av vegen som skulle føre opp i Bjørndalen. På den tida hadde Knut og kona 7 av dei 9 borna buande heime. Den eldste dottera hadde nettopp nedkome med ein son, og kavaleren hennar, Jens Fredriksen Skårvang frå Vågå, budde også hjå dei. Rett nok dreiv denne Jens som skomakar, men det var mange munnar å mette i heimen, så Knut tok sikkert gladeleg imot tilbudet frå oldefar. Avtalen var at Knut skulle ha 16,- kr. pr. 100 alens veg, og i første omgang skulle han setja i stand 750 alen.

Knut fekk med seg eldstesonen Amund som da var 20 år gammal, og saman laga dei veg så langt dei kom før det måtte sprengjast i berget. Det vart rekna til 882 alen, eller bortimot 530 meter. Undervegs hadde dei mura eit par mindre røyser, ellers gjekk arbeidet unna med grev som reiskap, og oldefar måtte i løpet av denne vegstrekninga forsyne dei med ei tynne kol "til deres grevkvessing" som det står i rekneskapen. Oppgjer for denne delen av vegen fekk Knut og Amund utbetalt den 15. oktober 1875.

Lite vart tydelegvis gjort med Bjørndalsvegen det neste året. Først i juni 1877 fekk Arne Resset oppgjer for 26 dagsverk på vegen. Arne var omtrent jamngammal med naboen nordafor, han Knut midtre Resset, og i likheit med han, så var heller ikkje Arne født og oppvaksen i Ressetgrenda. Det hadde seg slik at ei jente frå Bræebygda, ho Ragnhild Johannesdotter Fiskelykkjun, tok seg tjeneste sør på Hundorp. Der trefte ho Arne Hansson Dalsegvolden, og etter at dei gifta seg i Sør-Fron kjørkje, og døypte ei dotter der også, vende dei nordover til heimbygda hennar Ragnhild. Dei budde første tida heime hjå foreldra hennar, der fekk paret ei dotter til, og seinare fekk dei slå seg ned som husmenn på søre Resset.

Arne Resset la ned mykje arbeid i Bjørndalsvegen, han fekk oppgjer for ytterlegare 10 dagsverk i november 1877, for 24 ½ dagsverk i juli 1878, og for 32 dagsverk i juli 1881.

Oldefar hyra eit par karar til i 1877, for mykje av arbeidet med denne delen av vegstrekninga måtte gjerast ved å bore og sprengje i berget, noko som var tungt og tidkrevjande. Samstundes med Arne Resset i juni 1877, fekk også Per Johannesson Buflåten oppgjer. Han fekk for 26 ½ dagsverk. Per var ein kar som da var 43 år gamal. Han var født og oppvaksen på nørdre Buflåten, og tok over som husmann på bruket etter far sin i 1862. Året etter gifta han seg med Kari Hansdotter frå søre Vangen, og i 1877 hadde dei 3 ungar. Foreldra til Per levde enda, og hadde føderåd hjå han. Per fekk oppgjer for ytterlegare 9 dagsverk samstundes med Arne Resset i november same året, og for 24 ½ dagsverk i juli 1878.

Den tredje karen som ifølge rekneskapen etter oldefar, var med på vegbygginga i 1877, var Fredrik Lillerusten. Eg går ut ifra at dette må vera Fredrik Amundsson Resløkken som i 1856 gifta seg med Anne Hansdotter Lillerusten, og som både i 1865 og 1875 er oppført som gardbrukar og sjøleigar i Vetl-Rusten. Han la ned 9 dagsverk på hausten 1877, og fekk oppgjer for dette i november same året. Han ga seg med det.

Fredrik Lillerusten døydde i Lillerusten i 1910, vel 80 år gammal.

I motsetnad til Knut og Amund på midtre Resset som fekk betalt etter lengden på vegen dei sette i stand, fekk altså Arne Resset, Per Buflåten og Fredrik Lillerusten løna si rekna etter antal dagsverk. Dei to som arbeidde på forsommaren i 1877 fekk kr. 1,80 pr. dagsverk, medan dei om hausten same året ikkje fekk meir enn kr. 1,47 pr. dagsverk. Truleg kunne dette ha samanheng med lengda på arbeidsdagen.

I ei stugu i almenninga bortved Randa ovanfor Stanviken budde Hans Erlandsson, også det ein kar i begynnelsen av 50-åra. Han gifta seg så seint som i 1871 med Ragnhild Torsdotter frå øvre Næprud som var eit år yngre. Dei to vart ikkje velsigna med ungar, men det var nå igrunnen ikkje så rart, dei var velvaksne båe to da dei sto for presten. Hans dreiv hovudsakleg som skomakar, men under vegprosjektet til oldefar fann han seg ei attåtnæring; han brende kol som arbeidskarane trongde til essa når dei måtte kvesse reiskap og bor. I løpet av den tida vegprosjektet sto på, selde han fleirfoldige tynner med kol til oldefar, og fekk 75 øre tynna.

Bjorndalen4.jpg (17792 bytes)

Parti av Bjørndalsvegen

 

Svend Knutsson Slette var husmann på Slette under Gammel-Sandbu og budde med familien sin på ein plass omtrent jamnhøgt med Buflåten, men på sørsida av Mæhlumsåa. Svend hadde pliktarbeid nede på garden, og hadde såleis ikkje anledning til å vera med på vegarbeidet. Men han fekk leige ut smiubelgen sin til oldefar for ei periode i 1878, og for det fekk han 80 øre.

Svend Knutsson Slette vart ikkje meir enn 59 år gammal, han døydde i heimen oppe på Slette i 1885, truleg av tuberkulose.

Seinare fekk oldefar kjøpt seg ein smiubelg på Vangen for kr. 4,50. Og her nyttar eg høvet til å nemne resten av innkjøpa til oldefar. Det gjekk stort sett i lunter og krut. Han handla buntar med lunte både på butikken hjå Hans Bræe og på Handelsforeninga i Kvam, og var endatil på Sør-Fron hjå ein Oluf Hagen, ein østerdøl som dreiv krambu der. Kor lang ein slik kveil med lunte var den gongen veit eg ikkje, men han kosta i hvert fall 50 øre hjå Hans Bræe. På Kvamsforeninga måtte oldefar ut med kr. 3,20 for 6 buntar i 1877, så der var lunta noko dyrare. Men til gjengjeld fekk han godkjøp av Oluf Hagen på Sør-Fron, der han betalte kr. 1,87 for 4 buntar i 1880. I perioda 1877-81 kjøpte oldefar 23 buntar i hop att.

Krutet kjøpte oldefar på fleire stader i dalen, men om det var fordi det var vanskeleg å få tak i, eller om det berre fell seg slik, er ikkje godt å seia. Rekneskapen syner at han handla krut på Handelsforeninga både i Vågå, i Kvam og i Nord-Fron, på butikken hjå Hans Bræe, hjå I. C. Sletten som den gongen dreiv landhandleri på Sjoa. Endatil frå Olstads eftf. på Lillehammer fekk han senda nordover 25 pund krut. Da kom det på fraktutgifter i tillegg.

Eg reknar med at krutet vart kjøpt i lausvekt på den tida, og vekteininga gjekk i skålpund som i praksis ble omrekna til ½ kg då det metriske systemet vart teken i bruk frå 1875 og utover. Prisen for krutet varierte noko. Dyraste handelen gjorde oldefar hjå Hans Bræe som tok 57 øre pundet, medan kramkaren på Sør-Fron ikkje tok meir enn 42 øre. Det vart kjøpt inn 170 ½ pund krut i åra 1879-80, (ca. 85 kg omrekna til dagens vekteining), og for dette betalte oldefar tilsaman kr. 77,92.

Ein post i rekneskapen fortel at oldefar utgiftsførte 34 dagsverk "efter erindring" på seg sjølv for borsmiing. Han hadde antageleg tilstrekkeleg borstål liggjande for å kunne smi dei bora som trongdes, men han var nok redd for å koma i beit, for siste året han hadde karar i arbeid på vegen, kjøpte han frå Thorstad på Lillehammer fleire bor som han betalte kr. 4,- for, og borstål som han betalte kr. 4,78 for. Men som han sjølv har kommentert i rekneskapen: "dette er i behold".

I 1879 var det ikkje særleg aktivitet med vegbyggjinga, men i 1880 var eit par nye karar i sving. Den eine var Iver Iversson Bergum, ein kar sist i 40-åra som var født og oppvaksen på nedre Bergum på baksida synnafor Otta. Han gifta seg i 1862 med Anne Larsdotter Svashølen frå Sjoa, og til å begynne med leigde dei husvære heime hjå foreldra hans. Saman fekk dei fem ungar, og i 1875 budde familien i øvre Bergum rett ovanfor barndomsheimen hans. Iver Bergum er da innført som "Opsynsmand i et Skifferstensbrud" og hadde "lidt Jord".

I juli 1880 fekk han løn for heile 43 dagverk. Løna var da sett til kr. 1,73 pr. dagsverk. Han fekk dessutan oppgjer for 30 dagsverk i juli 1881 etter same dagsatsen.

På same tida i 1880 fekk den andre karen, Pål Hansson Åsteløkken, oppgjer for same antal dagsverk, men han fekk berre kr. 1,53 pr. dag, uvisst av kva slags grunn. Far til Pål var av Herradalenslekt, men han og familien kom til Åstelykkjun før Pål vart født i 1837. Pål gifta seg i 1859 med Anne Andersdotter frå Garden på Selsverket. Saman fekk dei 11 ungar, deriblant to par tvillingar, men fire av ungane var anten dødfødte eller døydde som små. I 1865 var Pål "forpagter" i øvre Næprud og budde i ei stugu der med kona og tre av ungane, men før 1875 hadde han overteke som husmann etter faren på Åstelykkjun. Inkludert far til Pål som var enkemann og hadde føderåd, talde huslyden 10 personar i 1875. Heile familien utvandra til Amerika. Dei fem eldste ungane reiste i førevegen, og i 1888 reiste Pål og Anne med dei to yngste ungane. Pål Hansson Åsteløkken døydde i 1912, og er gravlagt ved Flowersfield Cemetery eit par miles utanfor Hills i Minnesota. Han vart ikkje med på meir vegarbeid enn det han gjorde våren 1880.

Sommaren 1881 vart tømmervegen i Bjørndalen laga ferdig. Forutan Iver Bergum, Arne Resset og Amund Resset, vart det med ein fjerdemann i sluttfasen. Han heitte Per Olsen Varphaugen, og fekk saman med dei andre karane oppgjer i juli for 30 dagsverk til kr. 1,73 pr. dag.

Per var eldste son til Ola Pedersson nedre Kollo og kona Kari Jacobsdotter frå øvre Kollo på Sjoa, som hadde fått husmannskontrakt på plassen øvre Varphaugen før Per kom til i 1840. Per overtok som husmann på plassen etter at han gifta seg i 1868 med Marit Olsdotter Sæteren frå Heidalen.

 

Nå skulle ein tru oldefar sette sluttstrek i rekneskapen. Men nei, han vanta noko enda, og det var ei lita hytte dei kunne kvile seg i når tømmerkøyringa endeleg kunne koma i gang. Da gjekk han til naboen sin på sørsida, Per Amundsson Resløkken, og spurte om han kunne tenkje seg å setja opp ei lita tømmerstugu oppe på berget. Per var eldste sonen til Amund og Kari Reslykkjun, og var den som overtok garden. (Fredrik som kom til Vetl-Rusten, var ein yngre bror av Per.) Forutan kona Mari Hansdotter frå Bakkemoen synnafor Sjoa, hadde han alle 9 ungane heime på Reslykkjun i 1875 (dei var 10, men ein gut døydde i 10-års alderen), eldste dottera hadde to ungar sjølv, og han hadde foreldra sine på føderåd og ei syster som var "attgløyme" og budde i lag med dei. Huslyden omfatta 16 personar. Per er nemnt som hjulmakar i denne tellinga, så han var sikkert hendt med trevyrkje. Han var ikkje så ung lenger då han vart spurt av oldefar i 1881, drog seg litt over 60 år på den tida. Men å ta på seg oppgåva gjorde han. For arbeidet betalte oldefar 30,- kroner. Per Amundsson Resløkken døydde i 1902 heime på Reslykkjun, 82 år gammal.

Den siste utgiftsposten i rekneskapen etter oldefar er kr. 3,20 for dør og omnsjern til hytta. Utgiftene i samband med vegen kom på kr. 930,- til saman.

Bjorndalen2.jpg (20889 bytes)

Tømmerstugu nedst i Bjørndalen.

Ny-Sandbu i bakgrunnen.

 

Endeleg kunne oldefar konsentrere seg meir om arbeidet med husa han dreiv og sette opp på det nye gardstunet, og det beste var at han nå kunne dra opp i Bjørndalen og hente ned alt det tømmeret han trongde. På begynnelsen av 1890-talet hadde han fått opp dei største gardsbygningane, og det var ikkje til å koma ifrå at all denne tømmertrafikken sleit på vegen, og særleg gjekk det ut over bruene i bratthenget.

Så hadde det seg slik at arbeidet med jarnvegen til Otta drog seg forbi Gammel-Sandbu på den tida. På garden hysa dei så mange jarnvegsarbeidarar det var plass til, og i kjent stil gjorde oldefar ei avtale med nokre av desse anleggssluskane. Dei sa seg viljuge til på fritida å vera med opp i Bjørndalen og bora nye feste til bruene som da kunne skiftast ut, i tillegg til at dei også tok på seg å sprengje vekk meir stein på innsida av vegen. Det vart handla inn 9 kg dynamitt, ½ ask med perler og 5 buntar med lunte, samt 114 kg gamalt jern som oldefar fekk ein "smediedreng" i to dagar til å stå og laga stenger av. Så bar det opp i Bjørndalen der sluskegjengen heldt på i tilsaman 3 veker og fire dagar med boring og minering. Dette var på vårparten i 1895.

Ein dag framandkarane dreiv og sprengde, gjekk det frykteleg gale. Ein av dei sto på feil plass då dynamitten eksploderte, og vart treft av stein som kom farande. Verst gjekk det visst med hovudet på han. Han vart teken ned til gards og lagt i seng, og doktor vart tilkalla, men han kunne ikkje hjelpe den skadde, så der låg han og remja og skreik over seg til han døydde dagen etter. Namnet hans var Ole Magnusson Flåtestuen frå Elverum. Han døydde den 13. mars 1895, berre 26 år gammal, og vart frakta til Elverum og gravlagt der.

Bjorndalen1.jpg (20696 bytes)

Parti av Bjørndalsvegen.

Etterord:

Far min fortalte at Bjørndalsvegen var i bruk omtrent heile den tida far hans dreiv. Under, eller rett etter siste krigen vart bruene rusta opp på nytt. Farbror Rolf gjekk med hest og stytting oppetter Bulia og sørover til Bjørndalen for å kunne koma ned vegen frå ovantil med tømmerstokkar. Nede ved bruene tok Alfred Resset og Ola Rudi imot. Det var desse to som reparerte bruene for siste gong.

Det var slik på den tida som far hugsa frå, at det alltid var minst tre av hestane på garden som var trena til å gå Bjørndalsvegen. Følla gjekk med mor si mangfoldige turar før dei vart såpass vaksne at dei sjølve kunne begynne å dra fram tømmerlensene. Eit par gonger gjekk det likevel gale. Eine gongen var det truleg for stutt kjetting mellom to lenser, slik at tømmeret ikkje følgde med i svingane, og skauv hesten utfor. Kjørekaren hoppa av lensa og berga seg, men hesten slo seg i hel. Den andre gongen noko liknande hendte, vart hesten liggjande oppå snøskriua som samla seg under han, og berga seg. Kjørekaren sto att oppe i vegen og trudde ikkje det han såg.

Etter at far var konfirmert, fekk han ansvaret åleine for ein av hestane, og skulle vera med å dra fram tømmer frå inni Bjørndalen. Da var det å koma seg opp om morgonen, fortalde han, for klokka åtte skulle dei vera komne inn til kvilebua. Helst skulle dei vera nede på garden att med ei tømmerlense ved høgstdag, for dei skulle vinnast ein tur til same dagen.

Kunsten var å dra fram tømmeret på rette tidspunktet i forhold til vèr og føre om vinteren, slik at det vart ei god "renne" å gå i for hestane. Somme av dei var så rutinerte at det var berre å gje dei ein klaps på låret så gjekk dei ned åleine. Då pla karane hogge seg nokre store barkvistar som dei rende seg på nedover vegen etter hestane. Om våren etter at tømmerkøyringa var slutt for sesongen, vart det difor liggjande ei stor såte med kvistar i nedste svingen der aketuren stoppa.

 

Kjeldetilfang:

Rekneskapen etter Hans Leth Hansson Sandbu

Kjørkjeboka for Vågå

Klokkarboka for Kvam

Folketellinga 1865 og 1875