Kringen

 

Framsida

"Der ligger en Klev I Gudbrandsdal  Der monne man Kringlen kalde      Der lagde de Døler sig paa Tal  Henved femhundrede Alle.             De skansede for sig og gjorde Mur Og reiste Stener mange                 De lagde der som Katten paa Luur Naar den vil Musen fange."

(Gammel folkevise)

Det er skrevet utallige artikler og bøker om Slaget i Kringom, og stedet, med minnestøttene, er uten tvil det motivet i Bræbygden som er mest avbildet.

Vi skal her nøye oss med å gjengi Andreas Austlids maleriske skildring av slaget, hentet fra "Sinklar og Skottom", 1879:

 

Skotteslaget 1612

"Kringum ("Kringen") ligg halv-onnor mil ifraa Raamundgard; her skyt det seg fram ein bratt, diger krugg; det er den eine fjellsida, som sig uti dalen og velter seg kav aat elvi. No ruver det ikkje so sværande; for det gjekk ei jordskride i I789, som sopad med seg skogen og gjorde det flatare; og no gjeng nyvegen nedunder etter elvi. Men i dei tidom hekk vegen uppi bergom og svingad seg umkring kruggen. Elvi heiter Logen, og her er ho stor og strid; for strakst nordpaa renn Otta attaat; ho kjem reisande fraa Vaage og Lom.

Daa bønderne kom aat denne kleivi, stadnad dei; det var tidleg dags Men dei fann folk fyre seg. Og hit kjem no folk ifraa alle kantar. Det skulde vera bønder utor 6 prestegjeld i dalen: fraa Ringbu, Fron, Lesja, Dovre, Vaage, og nokre fraa Lom. Daa alt kom ihop, var det millom fire og fem hundrad av dølom.

Dei hadde ikkje stort anna enn økser aa slaast med; mest alle vaapen, som var noko tess, var ute i krig. Og attpaa alt: dei visste ikkje tal paa fiendom, dei skulde slaast imot. Ordet hadde gjenget fyre Skottom og gjort dei tallause. Alle hadde høyrt um denne avbragslege heren, ingen visste det, som var sant. Det vart ei spennning so stor, at ho leitad paa for mange; sume tok paa aa murra, at det fanst ikkje raad. Men daa gjorde dei ein lovnad: "no vilde dei staa der dei stod, um so heile helvite kom".

Ein bonde ifraa Ringbu heitte Per Randkleiv, han var lensmann; han var komen der med Ringbyggingom og Trøningom. Han og Lars Hage fraa Lesja tok styret.

Ein bonde til ifraa Ringbu, han heitte Arne Gunnstad, var den sterkaste av alle. Det gaar store segner um styrken hans. Han hadde mest aa segja næmst desse tvo.

Morgonen er blank med solskin. Bønderne pustar utatt og umraader seg lite grand; so reiser dei uppum vegen, høgt uppi, og tek til aa hogga timber. Sume høgg og sume dreg ihop. Dei dreg det utpaa brattaste bakken og legg det i digre lunner, mange lunner paa breidd; dei kjem rullande med store steinar og legg uppaa timbret, so tjukt, som' det eig rom. Dei gjer ei breid og diger velte. Men under timber-lunnom laag det sleipe stokkar, som var ihop-bundne og hekk utyver fjellet mest-som inange ormar. Paa desse sleipom ligg heile velta; ho ligg so laust, at det er berre nokre reip og stolpar, som held ho. Naar ein hogg av reipi og slo unda stolparne, so rullad det utyver alt ihop - og. aat elvi. Dei tek bar og lauvbuskur og legg attpaa og gøymer burt alt saman, det ser ut som smaaskog heile bakken uppyver. Eit par mann stend att til aa loysa velta. Og ein stor flokk dreg uppum timbret og vil vera etter med øksom paa hoggande flekk.

Ein flokk dreg nordum og lagar seg til med store tre, som dei vil velta uti vegen, so at Skottarne skal ikkje kunna snu, naar dei kjem inni klemma. Ein annan flokk dreg sudyver i same ærend.

Det var med ein bonde utor Ringbu, som heitte Berdon Segelstad; han var den beste skyttaren. Han og tvo andre skulde faa skjota Sinklar. Daa segjer han Berdon: "Eg vil vera den fyrste, som løyser skot i desse leikje", og det laut alle gaa under paa. Han hev høyrt, at Sinklar kann fri seg for skot; daa tek han sylv-halsknappen sin og tygg han ihop og køyrer'n stad inni byrsa. So gjeng han bakum nokre graner og murar seg upp som ein bringe av stein, og der stend han. - Gamle folk syner fram av dei, same steinom endaa.

Dei laag der, men kunne ikkje sjaa, naar Skottarne kom; for vegen kom svingande og gjekk innunder berge-hamrom, so han vart reint burte. Dei kunne ikkje eingong sjaa djuvet nedunder seg for alle smaaknausom, som laag attfor. Men her galdt det um aa vita som paa ein prikk, naar Skotteheren var paa rette flekken. Og so var dei rædde noko anna, - at Skottarne kanskje kunne snusa det upp og gjera til inkjes alt ihop. Dei hadde høyrt um verlauparen og visste, at han foor fyre og var faarlegare enn alle andre. Daa tok dei tvo raad:

Det var med ei gjente, heitte Guri, dei kallad ho Pillar-Guri; ho var innerleg god til aa blaasa i bukkhornstuten. Ho reiste tvert yver Logen og gjekk uppaa ein fjelltopp, heiter Selsjordskampen. Der stadnad ho og saag nord og sud, vidt yver dalen. Men naar ho fekk sjaa Skotteheren, skulde ho taka paa aa laata; ho skulde faa dei til aa gaa i andre tankar. Og paa armom hadde ho eit langt kvitt haandklæde hengjande; det skulde ho svinga umkring armen og stytta, etter som heren foor fram og kom næmare og næmare. Alt dette saag bønderne og høyrde.

Det ligg ei øy beint uti elvi, ho gjeng nordyver fraa Kringum eit godt stykkje, ho heiter Storøyi. Der utpaa fekk dei ein mann til aa rida paa ein kvit hest.So er sagt, at han sat att aa bak og hadde hengt eit raudt, digert turklæde yver manken paa hesten; han vilde faa Skottarne til aa glaama etter seg. Han reiste nørdst nordpaa øyi, der vilde han venta, til dei kom ifraa nordantil; naar dei kom, skulde han rida fram og halda seg jamt med Skottom all vegen sudyver att. Men naar dei var komne aat det og det stelle, skulde han tversvinga; det var merkje for bøndom til aa løysa velta. Det hadde møtt fram gamle folk, som ikkje dugde vidare til aa slaast, og sume var for unge og sume rædde. Daa segjer han Arne fraa Gunnstad, at desse her skal taka med seg alle fille-gjeværi og utpaa Storøyi og skjota med laust krut. Men dei skulde staa so langt undan, at Skottarne ikkje rokk med kulom sine. Og etter di vart gjort. - Alt dette gjorde dei og var ferduge.

* * *So vart det dag andre dagen. Det er 26de august, klaart ver. Men Skottarne kjem ikkje. Daa rid det ivegen ein av bøndom og skal kika etter dei. Han heitte Audon Skjenna og aatte heime ei halv mil nordpaa. Han kjem nord aat gaarden sin, og her fær han sjaa Sinklar, som mynstrar heren sin strakst utpaa vollom. Han held still og ser paa, til dei er ferduge. Daa kjem Skottarne, dei kjem fort; strakst baketter fer dei yver ei bru - og fær sjaa han. Daa spreng-rid han attende. Men dei var so tett innpaa han, at dei ropad: "Sjaa buren renn unda paa ein pert!" ("Bur" er bonde, og "pert" det same som hest).

No kjem ein flokk av Skottom, det er innpaa 100 mann. Dei hadde brotet lag ved heren og foor eit langt stykkje fyre. Ho Guri ser dei, men tegjer still; desse utpaa øyi held seg rolege, han paa hesten røyver seg ikkje. Dei foor nedunder kleivi, merkte ingen ting og var trygge.

Daa kjem sjølve Skotteheren. Dei fer i ei lang line, kjem med styr og staak og er kaate; dei ridande er fremst.

Sinklar hadde høyrt, at bondeheren skulde vera langt unda seg reist; han sit trygg. Frua hans rid tett innpaa, og barnet i armom hennar. Daa tek ho Guri paa aa laata. Det var slikt eit tungsinn i tonom, alle stadnad og lydde. Skottarne svarar med ein frisk krigsmars. Daa læt ho andre gongen, og same slaatten; men det er som liksong og graat gjenom heile dalen. Det vart so stilt etter tonom. Daa set Skottarne i med ein sterk krigs-mars og kjem aat Storøyi. Men her tek ho paa aa laata att. Og laatten er til endaa, han heiter Pillarguri- leiken. Den hin er Sinklarsmarsen. Spilemenner her i dalen kann dei baae tvo.

Daa smell det ifraa Storøyi; dei med laust krut skaut. Skottarne svarar og skyt med skarpt; men desse utpaa øyi stend like kjappe, det naar ikkje kula dit aat dei. Og laust-krut-kararne skyt ein gong til; og endaa ein gong. Og Skottarne tek av seg huva og helsar for kvart skot. Daa kjem han ridande den rare øyken; og Skottarne skrattar og svingar med huvom. Sidan so gjekk dei med huvom og helsad. Og so er dei under Kringum.

Sinklar og frua hans og den fremste flokken er alt komne framum velta. Der stend Berdon Segelstad, han spenner upp og tek sigte. Men det klikkar. Daa klemmer han aat andre gongen, - og det small. Sinklar fekk kula i skallen, beint yver vinstre augat; han gav ifraa seg eit stort rop og seig ned av hesten. Mange høyrde, han ropad: "Berdon Segelstad og byrsa hans!"

Daa tversvingad han, som reid ute paa Storøyi, og velta kjem veltande; ho køyrer yver ende og klistrar nedaat etter ein breid teig, - og so gjeng det rullande aat elvi. Ho sopad med seg mykje av Skottom. Men storslumpen stod att og saag paa, dei skalv som lauv. Ogso tek dei spranget, - sume imot nord og sume imot sud. Men her møter dei bøndom, som kjem med øksom ifraa baae kantom og klemmer dei ihop att. No set dei beint upp yver bakken og lagar seg til og vil kjempa. Men daa kjem bønderne, som laag bak velta; dei kjem utyver i rasande renn og ropar høgt og gjeng paa; sume slær, sume høgg og sume skyt.

Her stend Skottarne ihopklemde og kjempar i yver ein time, og slæst baade kvast og godt; dei sel livet so dyrt dei kann. Men bønderne er for føre. Arne fraa Gunnstad gjeng fremst: han høgg den eine yver den andre. So er sagt, at han totte det var som naar han stod og klauv raa-gran heime, elder skar halm. Seks av bøndom ligg daude, og nokre hev fenget saar. Men av Skottom ligg det i haugevis. Daa er det ein flokk, som spring ut yver bakken og kav paa elvi; mange av dei sokk. Og bønderne skyt, so at sume stuper hovudstup uti. Men sume flyt og svem yver og kjem uppatt paa hi sida. Men her stend det bønder, som tek imot dei og høgg dei ned so tett dei kjem upp utor vatnet.

Det stend att ein liten flokk uppi Kringum; dei legg ned vaapni og fær fred."

 


Her er en samling linker til sider med innhold relatert til Skottetoget og slaget i Kringom:

  • "The Scottish Expedition to Norway in 1612", av John Beveridge.
  • Oberst Henrik August Angell utga en bok om Skottetoget i 1912, i forbindelse med 300-års jubileet.
  • En dansk beretninger om slaget i Kringom.
  • Enda en dansk beretning om slaget.
  • Vil man ha en skotsk versjon, finnes den her.
  • Den danske stattholder i Norge, Endre Kruse, skrev kort tid etter slaget en beretning til den danske kansler om det som hadde skjedd i Gudbrandsdalen. Beretningen er skrevet etter at en del av de skotske soldatene var ført til Akershus, og er datert 17. sept. 1612.
  • Tilsist en samling bilder fra Kringen.