Av Hans-Olav Hansen Møller
Ragnhild og Anders Næprud vart barnlause på plassen som frå 1794 vart kalla nedre Næprud. Då brordotter til Ragnhild, Ragnhild Hansdtr øvre Næprud gifta seg med Ole Mikkelsen Ottekren i 1816, vart det desse som vart nye plassfolk i nedre Næprud – Anders og Ragnhild vart førådsfolk.
Anders døde i 1836, medan Ragnhild levde til 1849.
Ragnhild Hansdtr. øvre Næprud vart gift med Ola Mikkelsen Ottekren i 1816. Ole var født 1791 som son til Mikkel Engebrethsen og kona Synnev Pedersdtr Ottekren.
Ragnhild og Ola fekk sju born:
- Synnev født 1817. Døde truleg ung.
- Jacob født 1819.
- Hans født 1819. Døde truleg ung.
- Synnev født 1821. Synne finn ein som losjerande i nedre Næprud i 1865, ho er «tildels borte hos folk og arbeider». Ho har dottera Hanna hjå seg. (Far til Hanna er fogd i Fron, Peder Neuberg. Hanna er født i 1853 i Gausdal, og flytta til Kristiansund i 1877.)
- Mikkel født 1823. Han døde i Næprud i 1841.
- Hans født 1828. Gift i 1852 med Brit Knutsdtr. søre Haugen, født 1827 i Heidal som dotter av Knut Pedersen Hålålien (Harlaug-eie) og Marit Hansdtr. Holen. Broren Iver vart gift med Marit Fredriksdtr uppigard Bu, og vart gardbrukar der.
- Anne født 1832. Ho bur i nedre Næprud som ugift skredderjente i 1865.
Men Ola døde alt 1834, berre 43 år gamal, av «nervefeber». Ragnhild dreiv nå nedre Næprud som «husmann» under Bræe, berre med hjelp av borna. Det gjorde ho heilt til i 1852, då sonen Hans gifta seg og tok over plassen med plikter og rettigheiter, no som husmann under Ekra.
Brit og Hans fekk seks born:
- Ragnhild født 10.11.1853, død 12.04.1855 i nedre Næprud.
- Ola født 03.04.1856.
- Knut født 02.04.1859. Flytta til Sverige med utflyttingsdato 30/3-1882.
- Hans født 12.05.1863. Hans finnes i 1900 som ugift skomaker på Kringen der han «losjerte midlertidig». «Sedvanlig bosted» var Østmo på Otta. Dette er truleg huset der ein finn Husflidstugu idag.
- Iver født 03.02.1868.
- Ragnhild født 11.08.1871.
I 1865 hadde Brit og Hans fire kyr og 16 sauer. Dei sådde 2 tunner bygg og sette to tynner poteter. Og Hans var einaste husmannen under Bræegardane som hadde hest!
I 1875 er det meir variert drift i nedre Næprud. Hesten er borte, og dei har berre ei ku. Men dei har tre kalvar, tre sauar og 26 geiter! Dei sår rug, bygg og blandakorn, og har både poteter og kålrot!
I 1900 er det framleis Brit og Hans som driv plassen. Hans er 72 år, Brit eit år eldre. Eldstesonen Ola er ute på anleggsarbeid, han «sender mynt» til kona Aslaug Kittilsdtr, som og bur med borna deira i nedre Næprud.
Aslaug Ketilsdtr er født i 1863 og er frå Kviteseid i Telemark, der Ola truleg har vore på anlegg. Dei to eldste borna deira er og født der.
Ola Hanssen fekk i 1877 eit barn med med Anne Johannesdtr. Lillehaugen, dotter til Johannes Johannesen Brånåløkken og Tora Østensdtr. Ødegården frå Vågå:
- Hans født 10.03.1877 på Lillehaugen under Bræe. Han gifta seg med Marit Olsdtr. Kamp, født 1878 på Rustom i Kvam, (dotter til Ole Christensen Hjerkinn og Kari Johannesdtr. Rustom). Hans og Marit finn ein i 1900 på «Baaddalen» med dei to eldste barna. Hans var kleberstensarbeider i tillegg til å være husmann på Båtdalen under ner-Tho nederst i Ottadalen.
Hans kjøpte Solgjemslien, fraskilt Solgjem i Bræbygden i 1917.
Med kona Aslaug Kittilsdtr.fekk Ola 7 born:
- Hans Kornelius født 1887 i Kviteseid, Telemark.
- Anton Bernhard født 1889 i Kviteseid, Telemark.
- Henrik Ragnvald født 1891 i Sand i Ryfylke.
- Olav Bernhard født 1894 i nedre Næprud.
- Syver Gunerius født 1897 i nedre Næprud.
- Kristian Alfred født 05.05.1899 i nedre Næprud.
- Hansine Ragna født 1904 i nedre Næprud.
22. april 1904 reiste eldste sonen til Aslaug og Ola, Hans Kornelius, til Canada, og året etter, 16. juni 1905, reiste Ola etter. Han er då 49 år gamal, og bruker Breden som etternamn. 3. august 1906 fylgjer så Aslaug og resten av borna etter.
26. juli 1905 døde Brit Knutsdtr, Hans fall frå 12. mars 1909.
Frå 1909 til 1931 var det fleire familiar som budde i nedre Næprud. I 1931 vart bruket frådelt søre Bræe og seld til Kristian Hansen Næprud. Han var son til Hans og Marit Næprud i Solgjemslien, og altså soneson til Ola Hansen Næprud.
Kristian H. Næprud var gift med Ragnhild Hansdtr. Mæhlumshaugen, født 1900, dotter til Hans Olsen Mæhlumsløkken og Ragnhild Svendsdtr. Slette.
Kristian Næprud fall frå i 1966, Kona Ragnhild omkom etter skadene ho fekk da ho vart påkjørt av en bil i 1971. Ragnhild og Kristian hadde sonen Hans født 1926. Han selde Næprud i 1967, og idag er bruket pietetsfullt istandsett feriebustad for ein familie frå Bærum.